Hopp til innhold

Har utvida tiltale mot 17-åring

Tiltalen mot ein 17-åring frå Sunnmøre har blitt utvida. Tenåringen var ein del av eit ungdomsmiljø i Ålesund og Giske som var involvert i fleire valdshendingar i vår.

I august blei han tiltalt for vald og for å ha treft ein annan mann i hovudet med ei glasflaske på 17. mai.

No er tiltalen utvida med hendingar som skal ha skjedd i etterkant av dette. 17-åringen er blant anna tiltalt for oppbevaring og sal av narkotika og for oppbevaring av pengar som skal ha vore utbytte frå narkotikasal.

Han er også tiltalt for vald og truslar mot offentlege tenestepersonar. Under ein samtale med politiet skal han ha spytta ein politibetjent i ansiktet. Ved eit seinare høve, då politiet prøvde å få kontroll på tenåringen, skal han ha slått ein betjent i ansiktet. Han skal også ha kome med drapstruslar mot politiet ved begge hendingane. 17-åringen må møte i Møre og Romsdal tingrett neste veke.