Hopp til innhold

Tiltalt etter flaskeknusing

Ein 17-åring er tiltalt for kroppsskade etter å ha utøvd vald mot ein annan mann på 17. mai i år. Dette førte til at den andre mannen blant anna blei treft av ei glasfalske i hovudet. Dette resulterte i eit kutt som måtte syast. Det går fram av ein tiltale frå Møre og Romsdal tingrett. Saka skal opp i oktober og er den andre tiltalen som har blitt tatt ut mot personar i eit ungdomsmiljø i Ålesund og Giske som var involvert i fleire valdshendingar i vår.