Hopp til innhold

Politiet vurderer å stenge fjellet slik at vindkraftutbyggar får arbeide i fred

Bygdefolket på Haramsøya gjer alt dei kan for å hindre utbygging av vindkraftanlegg. No kan det bli forbode å gå på anleggsområdet.

Aksjon på Haramsfjellet

Politiet taua tysdag bort bilane som sperra inne anleggsmaskinene på Haramsfjellet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Gravemaskinene og anleggsbilane på Haramsfjellet skulle vere i full drift att no etter sommarferien, men det gjekk ikkje etter planen.

Måndag hindra bygdefolket bilar frå entreprenøren å køyre på land frå ferja. Lokalbefolkninga parkerte også sju privatbilar på fjellet der dei åtte vindturbinane skal stå, slik at anleggsmaskinene blei blokkert.

Politiet fekk ikkje tak i eigarane av bilane og dermed blei bilane taua bort. Bygdefolket har aksjonert fleire gongar tidlegare for å hindre anleggsarbeidet og politiet har fått signal om at dette kjem til å halde fram.

– Vi vil vurdere å innføre ferdselsforbod, seier stasjonssjef ved Møre og Romsdal politidistrikt, Oddbjørn Solheim.

Oddbjørn Solheim

Oddbjørn Solheim er politiinspektør ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ikkje overraska

Leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad, blir ikkje overraska dersom det blir forbode å gå på fjellet. Haramsfjellet er eit mykje brukt turområde, og Kjerstad synest det er synd dersom det blir stengt under anleggsperioden. Likevel meiner ho at hovudproblemet i saka er at det kjem åtte 150 meter høge vindturbinar i dette friluftsområdet.

Ho jobbar iherdig for å stanse utbygginga, men forstår at politiet må gjere jobben sin.

– Så lenge regjeringa ikkje stansar utbygginga medan saka blir behandla, har politiet eit dilemma, seier Kjerstad.

Det er bygdefolket som står bak aksjonane og ikkje hennar organisasjon. Kjerstad seier at ho har åtvara dei om at ferdselsforbod kan bli konsekvensen av aksjonane.

Birgit Oline Kjerstad

Birgit Oline Kjerstad er leiar for Nei til vindkraftverk på Haramsøya. Ho har ikkje gitt opp håpet om at den øvste politiske leiinga skal stanse utbygginga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ulovlege aksjonar

Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, ser på aksjonane som ulovlege og meiner det er synd at anleggsarbeidarane blir hindra i å gjere jobben sin. Han meiner det er synd at politiet kan måtte ta i bruk så sterke verkemiddel som ferdselsforbod.

– Vi skulle gjerne sett at anleggsverksemda kunne ha føregått utan hindringar. Det har så langt vist seg å vere umogleg, seier Rommetveit.

Brukar store ressursar

Olav Rommetveit, Zephyr

Olav Rommetveit er dagleg leiar i Zephyr, som står for utbygginga av vindkraftanlegget på Haramsøya.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Politiet i Møre og Romsdal har hatt patruljar på Haramsøya både Morgon og kveld i vekevis. Stasjonssjef Oddbjørn Solheim seier at slik kan det ikkje halde på i lang tid.

– Dette er krevjande for oss også. Det er klart at det går utover noko, sjølv om det ikkje går utover tryggleiken og beredskapen i fylket, seier Solheim.