Hopp til innhold

Suel har kjempa i 19 år for å bli i Noreg - no kan han likevel bli kasta ut

Norske styresmakter har i årevis skulda Suel for løgn om kvar han kjem frå. No vil dei likevel sende han tilbake dit.

Suel Kassembo går til sak

Suel Kassembo fryktar at han blir sendt tilbake til Burundi. Han hevdar at han er i livsfare om han ikkje får bli i Noreg.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Suel Hussein Kassembo kom til Noreg i 2004 og har budd her sidan. Han har heile tida hevda at han er frå Burundi og at han var i livsfare på grunn av faren sitt politiske engasjement. Dersom norske styresmakter hadde trudd på han då han kom, ville han truleg fått opphald.

Nyleg forsøkte Utlendingsnemda (UNE) å sende han ut av landet. Då svarte han med å stemne dei for retten.

– Eg er redd for mitt eige liv. Eg er redd for dei same som drap min eigen far, sa han då han forklarte seg i Oslo tingrett torsdag.

Kassembo hevdar at begge foreldra og systera blei drepne ein dag då han var på skulen. Ved å gøyme seg på ein båt, klarte han å kome seg til Europa.

Her har han fått avslag på asylsøknaden, avslag på opphaldsløyvet og avslag på løyvet til å arbeide. Resultatet av ankesakene har vore det same.

Rettssak Suel Kassembo i samtale med forsvarar Malene Valkvæ Jenssen

Suel Kassembo i samtale med advokatfullmektig Malene Valkvæ Jenssen i Oslo tingrett.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Har bestemt at han skal tilbake til Burundi

Etter 19 år i Noreg la Kassembo i sommar fram ny dokumentasjon på opphavet. Kort tid etter fekk han politiet på døra med beskjed om at han no skulle ut av landet.

UNE meiner dokumenta framleis ikkje er pålitelege nok til å slå fast at han er frå Burundi. Likevel vil styresmaktene sende han tilbake til det same afrikanske landet.

Ved hjelp av ei avgjerd frå Oslo tingrett blei utsendinga stoppa i siste liten.

Advokaten til Utlendingsnemnda, Christine Bjornes, slo torsdag fast at dei framleis meiner det var rett å nekte Kassembo asyl – og sende han ut av landet.

Torsdag spurte ho Kassembo om han konkret hadde gjort forsøk på å reise.

– UNE seier at du ikkje får asyl og at du skal reise ut. Då ventar ein at du gjer noko for å reise ut. Har du gjort noko forsøk på det?

– Nei, svarte han.

– Eg kjenner ingen og har ikkje slekt i Burundi, svarte han.

Rettssak Seul Kassembo

Utlendingsnemnda sine representantar i retten: f.v. advokat Christine Bjornes og rådgjevar Anastasia Valland.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Støttespelarar møtte fram

Suel Kassembo har arbeid og mange vener på Sunnmøre etter å ha budd i området i årevis. Over 10 000 menneske har signert oppropet for at han skal få bli i Noreg.

Tidlegare arbeidsgjevar Nils-Roar Hareide ved Runde miljøsenter vitna i rettsaka torsdag. Han var svært kritisk til at styresmaktene framleis ikkje har klart å dokumentere at Kassembo er frå Burundi.

– Ein må stille spørsmål ved om politiet og styresmaktene har forsøkt å finne ut noko seriøst i saka. Det er rett og slett elendig arbeid, slo han fast.

Fleire av støttespelarane hans har møtt fram i rettssaka. Den siste tida har dei arrangert støttekonsert, fakkeltog og pengeinnsamling.

– Alt eg har gjort og alt eg har sagt, er sant, sa Suel Kassembo i retten torsdag.

Rettssaka denne veka avgjer framtida for afrikanaren.