Typisk for Øyehaug er at ho skriv ganske lett og humoristisk om eigentleg ganske tunge og eksistensielle problemstillingar. No blir ho festspeldiktar.
Dei nynorske festspela har leigd Gunnhild Øyehaug til jobben som festspeldiktar i 2015. Hendinga går av stabelen for 24. gang til sommaren, og publikum kan sjå fram til å bli kjent med eit variert forfattarskap under dei nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet 25. 28. juni, melder arrangørane.
– Eg er glad og stolt over å få vere festspeldiktar i 2015 i Ørsta. Ivar Aasen har alltid vore min store helt, seier Øyehaug.
- Les også:
Gjennombrot i 2008
Forfattaren fekk sitt store gjennombrot i 2008 med romanen «Vente, blinke», som blei nominert til Brageprisen.
Denne romanen er også utgangspunktet for spelefilmen «Kvinner i for store herreskjorter» som får noregspremiere i mars. Øyehaug har sjølv skrive filmmanuset.
– Eg er utruleg glad for castingen. Henriette Steenstrup, Anne Krigsvold og Hallvard Holmen er om bord. Og Tore Strømøy dukkar faktisk opp i rolla som seg sjølv, avslørte forfattaren til NTB i fjor.
I tillegg til å vere forfattar, er Øyehaug litteraturkritikar og lærer ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Hun vaks opp i Ørsta og bur nå i Bergen.
- Les også:
- Les også:
Kjelde: NTB