Hopp til innhold

Nynorskpris til Gunnhild Øyehaug

Nynorsk litteraturpris 2008 går til Gunhild Øyehaug for Vente, blinke.

Gunnhild Øyehaug
Foto: Magne Sandnes

Dette er Øyehaug sin første roman.

Røynd forfattar

Frå før har ho dikt, noveller og essay på merittlista, i tillegg til at ho underviser på Skrivekunstakademiet og har vore redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum.

Godtepose

Juryen meiner Gunhild Øyehaug sjarmerer stort i Vente, blinke.

- Ein godtepose og ei russisk dokke av ein roman, kallar juryen boka. Med sin særeigne stil leikar Øyehaug med lesaren, med språket og med personane sine, og ho gjer det med eleganse og humor. Øyehaug verkar nyte å tøye grensene for det realistiske og det moglege. Dette er korkje draum eller røynd, dette er litteratur , slik det skal vere i gode romanar, skriv juryen vidare.

Distansert og inderleg kalla litteraturmedarbeidar i NRK, Martha Norheim boka då ho kom ut.

Ørsta

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975 og er frå Ørsta på Sunnmøre. Prisen vert delt ut under landsmøtet til mållaget på Quality Hotel 33 på Økern i Oslo laurdag 25. april kl 15.30. Øyehaug vil ikkje vere til stades under utdelinga.

Prisen er på kr. 30.000,-

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL