Hopp til innhold

Språkstrid kan velte heile vestlandsfylket

Riksmålsforbundet i Bergen er redd vestlandsregionen aldri blir noko av på grunn av usemje om ein skal bruke nynorsk eller bokmål.

Ordbok

STRID: Bokmål eller nynorsk? Administrasjonsspråket kan velte intensjonsavtalen om ein vestlandsregion.

Foto: Børge Sandnes / Scanstockphoto

Fylkesordførarar frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland stråla om kapp då dei i førre veke orienterte pressa om semja rundt ein intensjonsavtale for vestlandsfylket.

Det som sette sinna i kok her i fylket, er dei same partane sin intensjon om eit nøytralt administrasjonsspråk.

– I sin verste konsekvens kan det torpedere vidare diskusjon innanfor vestlandsregionen, seier Fredrik Mehn-Andersen, formann i Bergens Riksmålsforening.

Nynorsk tyngdepunkt

Rakel Apneseth fryktar kva som vil skje om nynorsk ikkje blir administrasjonsspråk i ny region.

JA TIL NYNORSK: Rakel Apneseth meiner nynorsk må vere administrasjonsspråk i ein ny vestlandsregion.

Foto: Eva Marie Felde

Ivar Aasen-tunet la i dag fram språkstatistikk om den nye Vestlandsregionen. Der kjem det mellom anna fram at Hordaland er tyngdepunktet innan nynorsk. Og det er nettopp nynorsk folk på gata fjordfylket vil ha som hovudmål i vestlandsregionen.

Rakel Apneseth trur ikkje nynorsken vil døy ut, men fryktar den blir vanskelegare å halde på om det ikkje er i administrasjonsledda.

Margit Arntsen på 82 meiner ein må halde fast på nynorsken.

VIKTIG: Margit Arntsen meiner folket også må hugse å bruke nynorsken.

Foto: Eva Marie Felde

– Eg håpar dei ombestemmer seg, noko eg trur er mogleg. Eg er ikkje overtydd om at Rogaland blir med, og kanskje vi heller får med halve Møre og Romsdal? Då er det naturleg at nynorsk blir språket, seier ho.

Fryktar for nynorsken

– Det blir jo utvaska uansett, så språket blir uansett hummar og kanari til slutt, meiner ein annan NRK møter på gata i Førde.

Brita Grønli flytta frå Nord-Norge til nynorskbyen for tre år sidan og har etter kvart funne ut at det er nynorsken som skulle ha vore hennar følgjesvein frå barnsbein av.

Ekteparet Grønli meiner nynorsken må haldast på i ein ny regino.

JA: Dei har sjølve ikkje nynorsk som hovudmål, men er klare i talen. – Nynorsk er hjartespråk for alle som brukar dialekt, seier ekteparet Kurt og Brita Grønli.

Foto: Eva Marie Felde

– Det går nesten ikkje an å tru at det skal skje. Ein må bevare nynorsken som eit hjartespråk, seier ho og fryktar at nynorsken kan stå i fare dersom det ikkje blir hovudmålet i ein ny region.

Fleirtalet bur i byar

Den meinige mann i gata får støtte også frå politisk hald. SV-nestleiar Oddny Miljeteig skildrar avtalen som den største kulturpolitiske skandalen nokosinne. Hovudmålet er eitt av mange stridsspørsmål undervegs.

Mehn-Andersen likar dårleg protestane frå vestlandsnaboen i nord og meiner det er eit demokratisk problem at eit mindretal skal styre kva målform som skal dominere.

Peter Christian Frølich

STØTTAR: Stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H) frå Bergen støttar intensjonsavtalen om eit språknøytralt administrasjonsspråk. – Eg tykkjer eigentleg at valfridom er eit ok kompromiss når ein skal sy saman bokmålsbrukarar i Rogaland med nynorskbrukarar i Sogn og Fjordane, seier han og håpar regionen

Foto: Hordaland Høyre

– For vår landsdel er det eit fleirtal av kommunane som har valt nynorsk som sin målform. Bergen har erklært seg språknøytral, slik som andre byar i landet. Likevel er det eit klart fleirtal av bokmålsbrukarar i Hordaland, seier han.

Politikarane må avgjere

Ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta meiner Ottar Grepstad at temaet er eit språkpolitisk spørsmål som politikarane må ta stilling til.

Han er oppgitt over argumentasjonen til Mehn-Andersen.

– Så har riksmålsforbundet aldri vore for noko som kan halde oppe eller styrke bruken av nynorsken. Vestlandet er ein svært viktig del av den språklege jamstillinga i Norge og det er den einaste landsdelen der nynorsk er dominerande språk i store delar, seier han.