Hopp til innhold

Sunndaling blir festspeldiktar

Lars Mæhle frå Sunndalsøra skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 29. juni–2. juli neste år.

Lars Mæhle

Forfattaren Lars Mæhle frå Sunndalsøra blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela neste år. Han er mest kjent for sine barne- og ungdomsbøker.

Foto: Dei nynorske festspela

Det skriv dei nynorske festspela i ei pressemelding. Dei meiner at Festspelpublikummet kan gle seg til å møte ein aktuell forfattar som har ein svært mangfaldig forfattarskap.

– Eg blei veldig paff då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar. Litt stolt, glad og engsteleg på ein gong. Eg er spesielt glad for at barne- og ungdomslitteratur blir tematisert, og ser fram til å jobbe fram prosjekt saman med andre kunstnarar i dette feltet, seier festspeldiktaren sjølv.

Fokus på barn og unge

Mæhle er mest kjend for sine barne- og ungdomsbøker. Det store gjennombrotet kom i 2009 med fantasyromanen Landet under isen. Han har også skrive barnebøkene om dei sære typane Harry og Ivar og Leseløve-serien om Knoterud FK.

– Med Mæhle som festspeldiktar, løftar vi fram både artige og viktige bøker for born og unge, og Festspela vil også bere preg av hans særeigne blanding av humor, spenning og alvor, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Mæhle bur til dagleg i Oslo og jobbar som forfattar på heiltid. Han vaks opp på Sunndalsøra og brukar framleis heimstaden som bakteppe og inspirasjon for mange av bøkene sine. Mæhle er også manusforfattar for den nye framsyninga frå Aasen-tunet, Lurivar og det hemmelege skrinet. Denne er for tida på turné på barneskular i Sogn og Fjordane som del av Den kulturelle skulesekken, og er svært aktuell til Festspela neste år, skriv festspela.

– Vi har ein god dialog med festspeldiktaren om programmet, og med ein så mangfaldig forfattarskap kan vi verkeleg boltre oss, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Dei nynorske festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 29. juni–2. juli 2017.