Hopp til innhold
Ørsta rådhus
Foto: TROND VESTRE / NRK

Ørsta kommune

  • Skal vurdere vern av Sunnmørsalpane

    Ørsta kommune skal vurdere vern av Sunnmørsalpane i Ørsta kommune.

    Det kjem fram i innkallinga til kommunestyremøte torsdag 23. oktober.

    Ørsta kommune har tidlegare vedtatt å ikkje ville greie ut eit mogleg verneområde i Sunnmørsalpane.

    Dette skjedde etter at regjeringa gav Statsforvaltaren i oppdrag å greie ut eit mogleg verneområde. På grunn kommunevedtaket gjekk ikkje Statsforvaltaren vidare med planane.

    No skal Ørsta kommune på nytt vurdere eit mogleg vern av fjellområdet.

    Spisse topper langs Hjørundfjorden
    Foto: Øyvind Sandnes/NRK
  • Volda og Ørsta har felles møte – skal snakke om kommunesamanslåing

    I dag har kommunane Volda og Ørsta valt å arrangere eit felles formannskapsmøte. Møte er også ope for publikum.

    Her skal dei mellom anna drøfte ei potensiell samanslåing mellom dei to kommunane og ideen om at dei kan bli ein fjerde by i Møre og Romsdal.

    Dette skjer etter at Ørsta kommune vedtok å greie ut ei samanslåing med Volda kommune i mai i år.

    Også Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Else May Botten, deltek på møte. Ho skal mellom anna snakke om effekten av ei slik samanslåing.

    Dronebilde av Ørsta sentrum
    Foto: Øyvind Sandnes/NRK
  • Startar arkeologiske utgravingar i Ørsta

    Arkeologar frå Universitetet i Bergen startar i morgon, tysdag 19. august, utgravinga av to automatisk freda kulturminne.

    Utgravingane ved Osvegen i Ørsta kommune er planlagde å vare fram til 3. oktober.

    Det er venta å finne spor etter førhistorisk aktivitet knytt til busetnad og dyrking frå bronsealder og jernalder. Felta som blir undersøkt ligg på kvar si side av E39.

    Når området er tilstrekkeleg undersøkt og blir frigitt, skal det byggjast ny gang- og sykkelveg på vestsida av E39. På austsida av E39 skal busslomma utvidast og flyttast litt lenger nord. Det skal også byggjast gangvegforbindelse mellom busslomma og Osvegen.

    Arbeidet vil ikkje ha nemneverdig påverknad på trafikken på E39, skriv Statens vegvesen.

  • Vedtatt vern av 32 skogområder

    Regjeringa har i dag vedtatt vern av 32 skogområde.

    To av disse er i Møre og Romsdal, nemleg Gammelseterlia naturreservat i Aure og Linderemen naturreservat i Ørsta.

    Statsråd Andreas Bjelland Eriksen seier vernet er nødvendig for å sikre mangfaldet i norske skogar, med fleire trua arter og naturtypar.

    Klima- og miljøvernministeren roser skogeigarane som er med på dette vernet.

  • Stort underskot i Ørsta

    Rekneskapen til Ørsta kommune for 2024 er klar. Han viser eit netto driftsresultat på minus 87,3 millionar kroner. Opphavleg vart det budsjettert med eit meirforbruk i 2024 med 34,8 millionar kroner, og planen var at dette skulle dekkjast opp med disposisjonsfondet. Det skriv Møre-Nytt.

    Kommunedirektøren forklarar at driftsrekneskapen vart gjort opp med å bruke resten av midlane på disposisjonsfondet på 66,2 millionar kroner. Resten, 18,6 millionar kroner, må dekkjast inn av drifta i 2025 og 2026, opplyser avisa.