Broren blei funnen avmagra og død med ein million på konto
59-åringen vog berre 36 kilo då han blei funnen død. Familien er sterkt kritisk til hjelpa han fekk. Saka blir no granska.
På stovebordet i eit rekkehus i Ørsta står ein svart kikkert. I årevis var kikkerten einaste forbindelsen mellom to brør. To menn som ikkje lenger snakka saman.
Kvar kveld før storebror Asbjørn Langstøyl la seg hadde han ei fast rutine. Han gjekk ut på plattingen for å sjå om det var lys i huset til den åtte år yngre broren, som budde i byggefeltet på andre sida av bygda.
Yngstebroren hadde kutta all kontakt med familien.
Isolert seg heilt frå omverda.
Asbjørn veit ikkje nøyaktig kor mange år det er sidan broren stengde dørene og slutta å ta telefonen.
68-åringen har følgt med frå avstand. Gjennom kikkerten.
Asbjørn Langstøyl hadde ikkje kontakt på yngstebroren sin på mange år. Broren kutta all kontakt med familien.
Foto: Remi Sagen / NRKDrukna på fisketur
Den raudhåra veslebroren var yngst av tre gutar i familien og har ikkje alltid stengt seg inne.
Før sjukdomen kom snikande drog han og Asbjørn på fjellturar saman.
Dei padla kajakk, køyrde ski, fiska. Kosa seg med kaffi og matpakke.
Og dei takka aldri nei til middagsbesøk hos foreldra i nabolaget. Her var det alltid god mat å få. Mora jobba nemleg på kafe.
Potetball og kjøtkaker var livrettane til brørne.
Sidan broren ikkje ville ha kontakt, har Asbjørn brukt kikkerten for å kike om det var lys i huset hans.
Foto: Remi Sagen / NRK– Han var ein heilt normal mann som fungerte bra, seier Asbjørn om bror sin.
Men familien skulle bli alvorleg merka av ei stor katastrofe.
For søndag morgon 1. juli 1984 blei livet snudd opp ned. Den mellomste broren deira drukna då han var på fisketur saman med ein kamerat i Stryneelva. Båten gjekk rundt i elvestryket og han kunne ikkje svømme.
Veslebror på 21 år tok det svært tungt.
I ettertid kan ingen seie om det er denne hendinga som gjorde at han gradvis blei mørkare til sinns.
Tre brør i familien vart til berre ein. Asbjørn som er eldst er den einaste attlevande.
Foto: Remi Sagen / NRK– Som eit sagbruk i hovudet
– Det var i grunn mor som merka første teikna. Han begynte å trekke seg tilbake, seier storebror Asbjørn.
Broren hadde gladeleg tatt imot besøk i huset han var så stolt av. Einebustaden med småruta vindauge, karnapp og leilegheit i kjellaren, som vener og familie hjelpte han å bygge i 1995.
Han tente gode pengar som fiskar og det gjekk berre få år før lånet var nedbetalt.
Det var som ørstabandet Vassendgutane syng: Ungkar med dobbeltseng og møkje penge.
Men nokre år etter husbygginga var det så vidt mora fekk sleppe inn. Han ville vere åleine.
Asbjørn prøvde å prate broren til fornuft og råda han til å vere meir sosial og kome seg ut på tur.
Han blei møtt med sinne. Broren følte at alle var imot han.
Fortvilte foreldre ringde helsevesenet. Mora og faren forstod at han var psykisk sjuk.
Asbjørn som har stått på sidelinja i årevis har ikkje full oversikt over sjukehistoria til broren, men han veit at han blei innlagt på psykiatrisk avdeling to gongar. Den siste i 2014.
Den eine gongen ville han ikkje leve lenger. Til ein kompis forklarte han at han hadde tinnitus og at lydane var som eit sagbruk i hovudet hans.
Litt etter litt kutta han all kontakt med familien og nekta å svare på telefonen.
– Mor tok det så tungt at ho blei sjuk sjølv. Det øydela helsa hennar. Heldigvis slapp ho å oppleve at han blei funnen død, seier Asbjørn. Begge foreldra er døde og yngstebroren kom ikkje i gravferda til nokon av dei.
Begge foreldra til Asbjørn er døde. Dei brukte mykje tid og krefter på å få hjelp til yngstesonen som sleit psykisk.
Foto: Remi Sagen / NRK– Dra til helvete
Også kompisane merka den gradvise endringa.
Raudluggen hadde mange vener og var ein av gutane heilt frå han starta på barneskulen i 1969. Ikkje den mest høglydte og pratsame, men han høyrde til i gjengen. I ungdomstida råna karane rundt i Volvoane sine.
Tidlegare sjømann Idar Vartdal sit i stova og mimrar tilbake til 90-talet, då dei to blei kjend. I albumet er det mest festbilete.
Kompisen med den raude barten og det raude håret smilte til fotografen på alle bilete.
Ofte var det dansebandmusikk frå Ole Ivars som stod på i bakgrunnen.
– Han var ein artig type med god humor. Vi hadde det kjekt i lag, seier Vartdal. I 1997 reiste dei til Bulgaria saman. Der drakk dei billeg russisk vodka til 12 kroner flaska. Strandliv og bading var det heller dårleg med.
Men utover 2000-talet blei det gode humøret på fest bytta ut med enorme raseriutbrot. Etter kvart blei det slutt både på grillfestar og kaffibesøk.
– Eg prøvde å besøke han, men fekk berre beskjed om å dra meg til helvete. Eg var ikkje velkommen lenger, fortel Vartdal.
Det var siste gong dei treftest. Vartdal anar ikkje kor mange år sidan det er. Han veit berre at kompisen støtte frå seg alle venene.
Frå 2012 stod han oppført med 0 kroner i inntekt i skattelistene.
No sat han på land.
Åleine i godstolen i karnappet.
Idar Vartdal var kompisen til avdøde. Begge jobba på sjøen og i friperiodar drog dei gjerne på turar saman.
Foto: Remi Sagen / NRKSlutta å levere søppel
Grøne søppeldunkar står langs vegane i heile Ørsta, medan bossbilen systematisk arbeider seg oppover i byggefelta.
Hos den tidlegare fiskaren er det mange år sidan dei trengde å stoppe.
Han slutta etter kvart heilt å levere boss.
– Eg trur ikkje han bar ut søpla på ti år. Han oppbevarte det inne, fortel ein av naboane. Han beskriv mannen som ein einstøing, som etter kvart smaug seg rundt hushjørnet for å sleppe å prate med naboane.
I hagen vaks graset uforstyrra. På vinteren fekk snøen ligge til den smelta sjølv. Kajakken hans kom aldri ut på vatnet meir. Postkassa var ofte full. Naboane såg han stadig sjeldnare ute. Og dei var bekymra.
Dei observerte han frå vindauga og såg etter livsteikn. Flimra det i tv-en? Var lyset på?
Drog han på handletur? Sat han i karnappet?
Men det var eitt telefonnummer den isolerte mannen heldt fram med å ringe. Det var drosjene.
Dei lokale drosjesjåførane brukte å bli ringt opp grytidleg om morgonen med jamne mellomrom for å køyre han på butikken. Den tidlegare sjømannen hadde både førarkort og bil, men den grøne, gamle Mercedesen hadde slutta å verke og stod parkert i carporten.
I drosja sette han seg alltid i baksetet og unngjekk blikkontakt. Ofte var han stille, andre dagar kunne han gjerne snakke litt om sport han hadde sett på TV.
Bestillinga og ruta var alltid den same. Køyreturen gjekk til Rema 1000. Akkurat til butikken opna klokka 07. Drosjesjåførane trur grunnen var at risikoen for å treffe andre kundar var minst då. Etter nokre minutt kom han som regel ut av butikken med to handleposar.
Men sommaren 2020 gjekk varsellampene for alvor hos Asbjørn og naboane.
Broren til Asbjørn leverte ikkje boss på mange år. I staden oppbevarte han søppelet inne i huset sitt.
Foto: Remi Sagen / NRKInnlagt med ekstrem undervekt
Dei frykta det aller verste. Ingen hadde sett livsteikn i huset og han hadde heller ikkje dratt på butikken på lenge.
Politiet rykte ut, knuste eit vindauge i ytterdøra og tok seg inn i huset. Kommunelegen bestemte at den syltynne og uflidde mannen måtte tvingast til legeundersøking.
Vekta viste 37,5 kilo. Ekstrem undervekt.
Den tidlegare sjømannen var så avmagra at han trengde hjelp til å stå oppreist.
Til helsepersonell forklarte han at ikkje hadde ete på over ein månad og heller ikkje drukke vatn på fleire dagar.
– Han hadde ikkje nokon spiseforstyrring. Dette handla om at han ikkje fekk kjøpt seg mat, seier bror Asbjørn.
Yngstebroren hadde rikeleg med pengar konto, men det hjelpte lite så lenge bankkortet ikkje verka.
Dei nye EØS-reglane kravde nemleg at bankkundar måtte identifisere seg med pass.
For mannen med sosial angst var det truleg utenkeleg å møte opp i Nordea sine lokale for å bevise kven han var.
Dermed heldt han på å svelte i hel.
« Det synast som det viktige er at han har pengar tilgjengeleg slik at han kan skaffe seg mat», skreiv eine legen i eit notat.
I legejournalen står det at han ikkje hadde ei alvorleg sinnsliding.
Han blei innvilga korttidsopphald på sjukeheimen for å legge på seg og trene seg opp att. Med doble middagsporsjonar og seks brødskiver til frukost, steig vekta raskt.
Då sommaren var over kunne han dra heim til einebuarlivet sitt i byggefeltet i Ørsta.
Ingen kunne vite kva som skulle skje halvanna år seinare.
Mange naboar var bekymra for mannen som isolerte seg. Dei følgt med på om det var livsteikn.
Foto: Remi Sagen / NRKHelseteam stakk innom
Både Asbjørn og naboane pusta letta ut etter opphaldet på sjukeheimen.
No verka bankkortet, han hadde ordna ny telefon og eit reingjeringsbyrå hadde vaska ned delar av huset. Han hadde også sagt ja til at helsepersonell skulle stikke innom eit par gongar i året.
Dei oppsøkte han langt fleire gongar i tida som kom.
Nokre gongar fekk dei sleppe inn, andre gongar stod dei ute og prata.
Stadig oftare måtte dei berre dra fordi han ikkje opna døra. Naboane og Asbjørn fortsette å forsikre seg om at han var i live, ved å observere lys og bevegelse i huset.
Den siste jula
Naboen var glad då jula kom og han såg at kommunen sine helsetilsette også passa på. To ulike dagar var dei på trappa i desember 2021.
– Eg tenkte han var bra varetatt i jula og at eg berre kunne slappe av og ikkje bekymre meg for om han hadde det vondt, seier naboen.
Men bak sprossene i einebustaden stod det slett ikkje bra til med han som ikkje hadde opna døra for helsepersonellet.
Seint onsdag kveld, 29. desember 2021, sat Asbjørn i den svarte skinnsofaen og såg på TV. Han stussa då det ringde på døra så langt på kveld.
På trappa stod ein framand mann i minusgrader, med kvit snipp i halsen. Ein prest.
– Heilt sjokk fekk eg vel ikkje. Det hadde vore mykje elende i mange år, fortel Asbjørn.
Naboen som trudde alt var i orden hadde fått ei uggen kjensle av at noko var gale i romjula. Det hadde vore så lite lys i huset og ingen teikn til liv. Dermed varsla han naudetatane nok ein gong.
Asbjørn har følt seg makteslaus sidan broren nekta å ta telefonen og opne døra for han.
Foto: Remi Sagen / NRKLåg død framfor steikeomnen
Politiet fann 59-åringen død på teppet på kjøkkengolvet, alvorleg undervektig. Den 176 cm lange mannen vog 36 kilo. Halvanna kilo mindre enn då han med eit naudskrik berga livet sommaren før.
No hadde hjartet hans stoppa. Her hadde han truleg ligge samankrølla i fleire dagar på det varme kjøkkenet, med steikeomnen på 200 grader.
Kjøleskapet til mannen var heilt tomt då politiet fann han død. Heller ikkje i frysaren fanst det ein matbit.
Foto: PolitietPå bankkontoen stod det rundt ein million kroner.
Einebustaden han hadde bygt sjølv var verdt over tre millionar. Han hadde råd til å kjøpe all mat han ville ha, men det fanst ikkje så mykje som ein brødskalk i huset. Både kjøleskapet og frysaren var heilt tomme.
Asbjørn kan ikkje forstå at broren ikkje fekk meir hjelp. Ifylgje legejournalen blei han innlagt til tvungen observasjon to gongar dei siste åra han levde. Han meiner helsevesenet ikkje burde nølt med å bruke tvang denne gongen også, sidan han heldt på å døy av avmagring året før.
– Eg meiner at når folk held på å svelte i hel må dei tvangsinnleggast. Den som har makt og myndigheit må gripe inn når folk ikkje forstår sitt eige beste. Dette kan eg ikkje tilgi, seier Asbjørn. Han meiner både helsevesenet og politiet burde ha gripe inn før.
Han sjølv har følt seg ute av stand til å hjelpe sidan broren nekta å ha kontakt.
Mannen blei funnen død på kjøkkengolvet i einebustaden sin. Biletet er tatt då huset blei lagt ut for sal.
Foto: Kenneth Hjelle / InvisoGranskar saka
Statsforvaltaren granskar no saka og vil ha svar på korleis Ørsta kommune har vurdert hjelpebehovet hans.
Også politiet har vore innkopla.
Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt seier at det er ingen tvil om at den kraftige avmagringa har bidratt til at mannen døydde.
– Politiet har ikkje undersøkt og kan heller ikkje utelukke at det kan vere feil eller manglar ved kommunen si oppfylging, men det blir vurdert av fylkeslegen. Ikkje politiet, seier Skorpen-Trøen.
Politiet har etterforska om nokon kan ha opptrådt straffbart og bidratt til at han ikkje fekk forsvarleg helseteneste, men konkluderer med at ingen har handla grovt aktlaust. Saka er dermed lagt bort.
– Av omsyn til teieplikt kan ikkje Ørsta kommune uttale seg offentleg i denne saka, seier Kristin Vik. Ho er tenesteleiar for helse og familie i Ørsta.
Ho skriv i ein e-post at dei har dokumentert og følgt opp alle bekymringsmeldingar.
I eit brev til Statsforvaltaren skriv Ørsta kommune at avdøde var vurdert som samtykkekompetent og at dei dermed ikkje kunne tvinge han. Han hadde ei klar oppfatning av korleis han ville leve livet sitt og dei måtte respektere ynskja hans.
Psykiater Erlend Bugge meiner styresmaktene treng meir kunnskap om korleis samtykkekompetanse blir brukt og forstått i helsevesenet.
Foto: privat– Noko gale med systemet
Alle vaksne i Noreg er i sin fulle rett til å nekte å ta imot medisinsk behandling og innlegging, dersom dei forstår kva det inneber. Då lova blei endra i 2017 blei det bestemt at ein berre kan bruke tvang på personar som ikkje er samtykkekompetente.
– Vi må ha eit helsevesen som kan fange opp personar som er i ein situasjon som mannen i Ørsta var i. Når vi ikkje har det må det vere noko gale med systemet, seier Erlend Bugge. Han er psykiater og leiar i Tvangsforsknettverket.
Legen understrekar at han ikkje kjenner detaljane i ørstasaka, men han stiller spørsmål ved om ein mann som svalt i hel med ein million kroner på konto faktisk var samtykkekompetent.
Bugge meiner lova fungerer bra, men etterlyser meir kunnskap om korleis omgrepet samtykkekompetanse blir forstått i psykisk helsevern. Bugge trur ikkje alle legar forstår og handterer det på same måte.
Regjeringa har no sett ned eit ekspertutval som skal sjå på lova og om det er grunnlag for å justere regelverket. Fristen er i mai 2023.
Kista var så lett
På gravplassen i Ørsta er det rim på bakken. To lilla lyngar har skifta farge mot brunt.
Asbjørn minnest korleis det var å bere broren sin i kista.
– Han var så lett at eg kunne ha bore kista sjølv. Det var ikkje ei tung bør vektmessig, seier 68-åringen.
Han hadde med seg ein god kompis då han låste seg inn i huset til den avdøde veslebroren for å rydde. Kjøleskapet var tomt. Skapa i eikekjøkkeninnredninga var tomme.
I kjellaren var eit rom fylt til taket med bossekkar. Men det var ingen lukt av rotnande mat.
Asbjørn trur alle matrestar var oppetne. Han får ikkje svar på kva som gjekk gale no. Alt av papir hadde broren brent opp. Hadde bankkortet slutta å verka igjen? Turte ikkje han å handle mat?
Tilbake sit både storebror, naboar og kompisar med ei kjensle av avmakt. Dei prøvde å hjelpe ein som ikkje ville ta imot hjelp.
– At folk skal svelte i hel i eit byggefelt i Ørsta skal ikkje gå an. Det er brutalt, seier Asbjørn.
Sidan presten ringde på døra i romjula i fjor har han ikkje stått på plattingen med kikkerten og sett etter livsteikn i einebustaden med karnapp.
I staden har han berre speida oppover. På alle majestetiske fjelltoppar. Som Asbjørn må gå på åleine.
NRK har valt å ikkje bruke namnet til den avdøde, fordi han sjølv ville leve eit anonymt liv.
Asbjørn framfor grava til broren. Han er kritisk til at broren ikkje fekk betre hjelp.
Foto: Remi Sagen / NRKHei, har du tips eller innspel til andre saker vi bør sjå nærare på?