Hopp til innhold
Aure rådhus
Foto: Hanne Berit Brekken

Aure kommune

  • Vedtatt vern av 32 skogområder

    Regjeringa har i dag vedtatt vern av 32 skogområde.

    To av disse er i Møre og Romsdal, nemleg Gammelseterlia naturreservat i Aure og Linderemen naturreservat i Ørsta.

    Statsråd Andreas Bjelland Eriksen seier vernet er nødvendig for å sikre mangfaldet i norske skogar, med fleire trua arter og naturtypar.

    Klima- og miljøvernministeren roser skogeigarane som er med på dette vernet.

  • Testkommunar skal stoppe fråflytting

    Aure og Smøla kommune skal vere nasjonale testkommunar for å løyse utfordringa med å få folk til å bu i bygdene.

    I går skreiv dei under på avtalen som forpliktar kommunane, fylket og staten til å jobbe saman mot raske løysingar.

    Målet er å ha enkelte tiltak på plass innan eitt til to år.

    Dette skal bli delt med andre kommunar som slit med fråflytting.

    Aure kommune
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Heim vil bort frå legevaktsamarbeid

    Ordførarane i Aure og Smøla fryktar følgjene om Heim kommune trekkjer seg frå legevaktsamarbeidet i området.

    Det skriv Tidens Krav.

    Formannskapet i Heim held fast ved at dei skal avslutte samarbeidet med Smøla og Aure. Dei tre kommunane har hatt eit legevaktsamarbeid i fleire år.

    Om Heim går ut av samarbeidet aukar utgiftene for dei to kommunane som er igjen, seier ordførar i Aure, Hanne Berit Brekken. Ho seier også at det kan bli auka belastning på legane i Smøla og Aure.

  • Personopplysninger åpent ute på kommuneside

    Personopplysninger til åtte barn og unge har ligget åpent på Aure kommune si postliste i perioden 2. november 2021 til 12. mars 2024. Opplysningene som lå ute var navn, personnummer og en oversikt over vaksinasjonsstatus. Det skriver Tidens Krav.

    Kommunen har beklaget til alle som ble berørt.

  • Ni kommunar vurderer kjernekraft

    Ni kommunar i landet vurderer å seie ja til kjernekraft, skriv E24. Dei to kommunane Aure og Heim på Nordmøre er to av dei.

    I fjor starta fleire kommunar ein interesseorganisasjon, og stadig fleire blir med, seier ordføraren i Halden, Fredrik Holm (H) til avisa.

    I eit skriv som organisasjonen nyleg sende til alle norske kommunar blir det sagt at dei ønskjer å vere ein pådrivar for å avklare framtida for kjernekraft i Noreg.

    Norsk Kjernekraft vil utrede mulighetene for å etablere et SMR-anlegg for produksjon av kjernekraft i Norge. Illustrasjonen viser anlegget som Rolls Royce skal bygge i England.

    Setter av tomt til kjernekraftverk, men veit ikkje om det kan byggjast

    Aure og Heim kommune har saman sett av ei tomt for å byggje eit kjernekraftverk, men regjeringa seier det ikkje er aktuelt i Noreg no.

Norsk Kjernekraft vil utrede mulighetene for å etablere et SMR-anlegg for produksjon av kjernekraft i Norge. Illustrasjonen viser anlegget som Rolls Royce skal bygge i England.

Setter av tomt til kjernekraftverk, men veit ikkje om det kan byggjast

 Nært stempling av valglapper. Legges i valgurne. Folk på vei inn for å stemme. Dronebilder fra Skardsøya. Fotomanipulasjon av vindturbiner i området. Nært avstemningslapp fylles ut. Brettes. Kommunestyremøte i Aure.