Ørsta og Volda prøver seg på nytt med samtalar om samanslåing, ti år sidan førre gong.
I 2016 blei dei to kommunane samde i å slå seg saman. Kommunen skulle då få namnet Volda/Ørsta og kommunesenteret skulle ligge i Ørsta.
Men ei folkeavstemming sette ein stoppar for planane då eit stort fleirtal sa nei til kommunesamanslåing.
Difor er det framleis ein lang veg å gå før dei to kommunane kan bli ein.
Men dei fleste i dagens formannskapsmøte er samde om ein ting: Det trengst meir samarbeid til for å løyse dei store problema kommunane står overfor.
For første gong på ti år møttest gjengen i formannskapa til Ørsta og Volda til felles møte. Den gongen diskuterte dei også kommunesamanslåing.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKVil unngå Robek
I mai vedtok Ørsta kommune å greie ut samanslåing med Volda kommune. Odd Magne Vinjevold frå Ørsta Frp kom med forslaget. Han vil finne ut om samanslåing kan vere med på halde dei unna Robek-lista.
– Viss det viser seg i ei utgreiing at å samarbeide gir betre økonomi, så er samanslåing sjølvsagt. Men det må vise at det har positivt resultat, seier Vinjevold.
Både Ørsta og Volda kommune har høg lånegjeld på grunn av høge kostnader og renter.
Vinjevold får støtte frå Frp-kollega i Volda, Bjørnar Fylling.
– Det er ufarleg å sette i gang ein prosess. Vi må finne ut av korleis vi kan samarbeide for å få betre økonomi i kommunane våre, seier Fylling.
Bjørnar Fylling i Volda Frp er skeptisk til kommunesamanslåing, og vil prøve samarbeid først.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKVil bruke tid
Initiativet frå Ørsta om å ta kampen på nytt kom derfor brått på Volda, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp). Samtidig seier ho at det er både spennande og naturleg å snakke saman.
– Eg trur ikkje vi skal begynne å snakke ja eller nei til samanslåing, då legg vi ballen død med ein gong. Vi må sjå om vi kan løyse utfordringane betre med ei samanslåing, seier Dimmen.
Det var god stemning mellom Ørsta-ordførar Per Are Sørheim og Volda-ordførar Sølvi Dimmen under møtet.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKOrdførar i Ørsta Per Are Sørheim (H), legg ikkje skjul på kva han håper utfallet blir. Han meiner at det ikkje er nokon som ville lagt ei kommunegrense mellom Ørsta og Volda i dag.
– Det er to mellomstore kommunar som står i det same utfordringsbilde, så vi hadde tent på å slå oss saman. Vi får sjå om det er vilje å ta prosessen om igjen, seier han.
Høgskulen i Volda er ein viktig institusjon i kommunen. Like bak ligg Volda sjukehus.
Foto: Øyvind Sandnes/NRK– Eit steg i rett retning
Samtalane om samanslåing har eit alvorleg bakteppe, meiner statsforvaltar Else-May Botten. Ho trekkjer fram elendig økonomi, fallande folketal og utfordringar med å rekruttere nye fagfolk.
– Utfordringa er ganske ille allereie. Men det er éin ting som er heilt sikkert: Det blir enda verre, legg ho til.
Statsforvaltar Else-May Botten var på møtet for å kome med råd frå Statsforvaltaren.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKBotten vil ikkje meine noko om samanslåing eller ikkje, men seier at møtet i dag er eit steg i rett retning.
– For å kome til eit slikt val, er det ganske mykje jobb. Masse dialog og utvikling saman for å finne ut kva som er mogleg, og kva som er utfordringar. Dei har god tid på å kome fram til ei løysning, seier Botten.
Vil starte med samarbeid
I Volda har dei høgskule og sjukehus. I Ørsta har dei Aasentunet, Side Brok og Vassendgutane. Saman har dei Ørsta-Volda flyplass, og samarbeid om ei rekke interkommunale tenester.
Volda og Ørsta er tette i sentrum, men fjerne i periferiane. Per Ivar Lied i Ørsta Senterparti trur ikkje ei større kommune åleine vil løyse utfordringane.
Det er kort avstand mellom kommunesentera.
– Eg utelukkar ikkje ei samanslåing på sikt, men vi må starte med samarbeid, seier Lied.
Han deler ikkje synet til Statsforvaltaren, ordførarane og politikarane på problema med økonomi og rekruttering.
– Vi greier oss godt. Mi erfaring er at når vi slår saman går det ut over distrikta og det blir dårlegare tenester, seier Lied.