Hopp til innhold

La medisinen på dørmatta til psykisk sjuk kvinne – kommunen braut lova

Kommunen meinte den psykisk sjuke kvinna var så truande at dei tilsette ikkje kunne gå inn i huset hennar. No får dei skarp kritikk frå Statsforvaltaren.

Bilde av fasade med tre i forgrunnen, ufokusert

SKREKKELEGE: Familien skildrar forholda inne hos kvinna som skrekkelege. Det skal ha flyte med søppel, skitne koppar og kar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kvinna i Ørsta er fysisk og psykisk sjuk med fleire diagnosar og utagerande framferd. Spesialistar på sjukehuset i Ålesund meiner ho har så store hjelpebehov at ho treng tilsyn av to personar. I staden overlet Ørsta kommune henne til seg sjølv i fjor sommar.

Då bestemte kommunen at ingen tilsette fekk gå inn i huset til kvinna, og viste til frykt for at ho skulle vere valdeleg:

«Etter gjentekne episodar med uro, trugslar og utagering mot personalet ... vart tenesta praktisk bistand-miljø/buteneste sett på pause i juli», skreiv tenesteleiar i Ørsta kommune, Kristin Vik, i eit brev tidlegare i haust.

Nærbilete av Ørsta rådhus der berre skirifta og kommunevåpenet viser

Kommuneleiinga ved Ørsta rådhuset vil ikkje uttale seg om saka og viser til teieplikta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gjengrodd av skit

Familien er fortvilte over manglande hjelp og klaga saka inn til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Tilstanden hos henne var skrekkeleg. Det finst ikkje ord for å skildre korleis det såg ut, skreiv dei næraste pårørande til Statsforvaltaren i fjor.

I e-posten fortel familien at det var gjengrodd av skit på fleire rom. Medisin som skulle ha blitt tatt, låg uopna. Nye dosar låg ute i postkassa. Rundt om i huset skal det ha flote med søppel, skitne koppar og kar.

Ei stor potte jord skal ha blitt tømt ned i varmepumpa. Dei skriv også om defekte lyspærer og brannvarslarar, øydelagde toalettringar og skapdører.

Og ei sjuk kvinne som ikkje sjølv klarer å gjere noko med det.

Nedsnødd hus i Ørsta

Den sjuke kvinna har i periodar vore utan den hjelpa ho hadde krav på frå kommunen. Familien meiner det har gjort henne endå sjukare.

Foto: Remi Sagen / NRK

Braut lova

Statsforvalteren i Møre og Romsdal konkluderer med at Ørsta kommune har brote lova. Dei slår no fast at:

  • kommunen ved å legge medisinen i postkassa eller utanfor huset ikkje har sikra forsvarleg legemiddelhandtering
  • at kvinna heller ikkje har fått hjelp til matlaging, personleg hygiene eller sosial kontakt
  • kommunen har ulovleg kravd at dei pårørande skulle leige hjelp til reinhald og nedvask
  • kvinna hadde rett på 15 timar med praktisk bistand kvar veke, men kommunen har ingen oversikt over kva dei timane har blitt brukt til

Statsforvaltaren slår også fast at kommunen ikkje har gjort ei ordentleg risikovurdering av konsekvensane ved å la vere å gå inn til kvinna. Kommunen har heller ikkje dokumentert at dei har vurdert om kvinna er samtykkekompetent.

Det same spørsmålet har Ørsta kommune fått i etterkant av at ein psykisk sjuk mann blei funnen død med ei vekt på 37 kilo i fjor jul.

Les også Blei funnen avmagra og død med ein million på konto

Kjøleskapet til avdød mann i Ørsta. Det er heilt tomt, bortsett frå ein mugge i eine hylla. Muggen er også tom

Aldri høyrt makan

– Eg har ikkje høyrt noko tilsvarande, for å vere heilt ærleg, seier professor i psykiatri ved Høgskolen i Innlandet, Lars Lien.

Han har lese dokumenta i saka, og konkluderer med at kvinna neppe kan klare å hente medisinane sine eller at ingen kan vere sikker på at ho tek dei.

Han meiner kommunen burde bedt politiet om hjelp eller vurdert å bruke tvang dersom dei tilsette var redde for å gå inn til kvinna. Han seier mange tilsette i kommunane manglar kunnskap og opplæring om korleis dei kan hjelpe valdelege brukarar.

Lars Lien er psykiatier og faglig rådgiver for Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse (NKROP). Han har kort grått hår, lys hud og mørke øyne. På bildet ser man ham fra brystet og opp. Han har på seg en mørkeblå skjorte med grå t-skjorte under og ser rett i kameraet.

Professor i psykiatri, Lars Lien, seier mange tilsette i kommunane manglar kunnskap om korleis dei kan hjelpe valdelege brukarar.

Foto: Thomas B. Eckhoff / Den norske legeforening

Hevdar ho har fått hjelp

Ørsta kommune meiner sjølv dei har gitt kvinna den hjelpa ho har behov for. Overfor NRK vil ikkje kommuneleiinga i Ørsta uttale seg konkret om saka og viser til teieplikta.

– Tenesteyting skjer i samspel mellom tenesteytar og tenestemottakar. Av og til kan dette samspelet vere komplisert og også risikofylt. I slike tilfelle vert det sett fokus på tillitskapande tiltak for å få levert tenestene, skriv tenesteleiar Kristin Vik i ein e-post til NRK.

Dette står i skarp kontrast til det familien har varsla Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om. Dei skriv at kvinna på grunn av sjukdom kan vere verbalt utagerande, og hevdar kommunen straffar henne med å kutte ned på hjelpa. Dette avviser kommunen.

Vik svarar at på generelt grunnlag er det ingen av deira tenestemottakarar som vert utsett for straff eller sanksjonar.

Dokumenta i saka viser at det er fleire som har varsla kommunen om forholda. NRK har bedt om innsyn i varsla, utan å få det.

Ventar meir av kommunen

Generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon omtalar det som grovt at kommunen ikkje gjorde noko skriftleg vurdering av om det var forsvarleg å avslutte tenestene.

– Dette er trist. Denne saka les eg som svikt etter svikt frå kommunen si side. Kommunen har gitt opp for lett, og oppfyller ikkje kravet for forsvarlege tenester, seier Elvestad.

– Kva burde kommunen gjort?

– Kommunen burde gjort nærare vurderingar på kva for alternativ som finst, og følgt opp i ettertid. Vi bør forvente at kommunen utgreiar alle alternativ, seier ho.

Generalsekretær i FFO, Lilly Ann Elvestad4

Generalsekretær Lilly Ann Elvestad synest det er trist å lese om forholda for kvinna i Ørsta.

Foto: Håkon Benjaminsen

Hevdar kvinna har blitt sjukare

Familien til kvinna meiner at kommunen gjennom fleire år har vist at dei ikkje klarer å ta vare på kvinna. Dei har gjentekne gongar bedt om å få sjå planar og vedtak for hjelpa kommunen seier dei ville gje henne, utan å få svar.

– Det er vår klare oppfatning at dei manglande tenestene direkte påfører henne ytterlegare sjukdom og tung belastning, skreiv ein av dei pårørande til Statsforvaltaren i samband med granskingssaka nyleg.

Kommunen ønskjer ikkje å svare på påstanden om at kvinna har blitt sjukare som følgje av manglande tenester.

Familien er kjende med at NRK omtalar saka, men ønskjer ikkje å uttale seg. Dei vil heller ikkje svare på om kvinna no har fått eit betre tilbod, og om ho i dag får den hjelpa ho har krav på.

Hus i ufokus, med snø i forgrunnen

Kvinna er heilt avhengig av hjelp for å kunne bu heime. Kommunen viser til teieplikta og vil ikkje svare på kva dei no gjer for å sikre henne det tilbodet ho har krav på.

Foto: Remi Sagen / NRK