Hopp til innhold

Mann dømt til fengsel for drapsforsøk i Averøy: – Var nær ved å lykkast

Ein mann i 50-åra er dømt til fengsel i åtte år for å ha forsøkt å drepe kona si i Averøy på Nordmøre tidlegare i år. Barna deira var til stades under deler av hendinga.

Valdshending Averøy

KNIVSTIKKING: I mars rykte alle naudetatane ut til ein bustad i Averøy på Nordmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det var i mars i år at mannen stakk kvinna med ein kniv. Dette skjedde i deira felles bustad i Averøy kommune.

– Drapsforsøket var nær ved å lykkast og fornærma ville ha omkome utan rask medisinsk behandling, står det i dommen.

I tillegg til drapsforsøk er mannen også dømt for mishandling i nære relasjonar. Dette fordi deira felles barn var til stades under deler av hendinga.

Totalt er han dømt til åtte år i fengsel.

Mannen er også dømt til å ikkje kunne kontakte dei fornærma i fem år etter at dommen er rettskraftig.

I tillegg må han betale totalt 1.075.000 kroner i erstatning til dei fornærma.

Stakk med kniv

Mannen og kvinna var gang med ein prosess der dei skulle gå frå kvarandre då hendinga skjedde.

I retten kom partane med sine forklaringar rundt kva som skulle ha skjedd i bustaden denne dagen i mars.

Der fortalde den fornærma kvinna at det i utgangspunktet hadde vore ei normal stemning mellom henne og mannen.

Averøy

I mars fekk naudetatane melding om ei valdshending i ein bustad i Averøy.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Utover dagen skal det ha oppstått ein diskusjon mellom dei to og begge oppfatta den andre som sint og opprørt. Kvinna ville då ta med seg barna ut av bustaden.

Då kvinna var i ferd med å forlate bustaden, saman med barna, angreip mannen ho. Først med slag, så med ein kniv.

I retten forklarte mannen at han ikkje hugsa deler av hendinga, men innrømte at han på eit tidspunkt tok fram ein kniv og stakk ho.

Mannen forklarte at han berre hugsar å ha stukke kvinna ein gong, medan den fornærma meiner det er snakk om fleire stikk og forsøk på stikk.

Les også Tiltalt for drapsforsøk i Averøy: Fornærma forklarte seg om angrepet

Nordmøre og Romsdal tingrett

Hevda han ikkje meinte å drepe

I retten hevda mannen det ikkje var meininga å drepe kvinna. Han erkjente difor ikkje straffskuld for drapsforsøk.

Torbjørn Kolås Sognefest

I retten argumenterte Torbjørn Kolås Sognefest for at mannen heller burde bli dømt for grov kroppsskade og ikkje drapsforsøk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det var aldri min intensjon å drepe, sa han under rettssaka.

Mannen sin forsvarar, Torbjørn Kolås Sognefest, meinte at mannen heller burde bli dømt for grov kroppsskade og ikkje drapsforsøk.

Forsvararen argumenterte for at mannen ikkje skal ha hatt som hensikt å drepe kvinna då han stakk ho med kniven.

Retten meiner derimot at mannen har hatt drapsforsett.

– Tiltalte hadde tid til å områ seg då han henta kniven og gjekk mot fornærma og handlinga verkar nærmast målretta, står det i dommen.

Vidare står det at retten er overtydd om at mannen i det minste hadde ein passiv kunnskap om at den fornærma mest sannsynleg ville døy, som følge av knivstikket ho fekk i halsen.

Rettssak der mann er tiltalt for drapsforsøk i Averøy

Hovuddommar i saka Toril Wirkola Karlsen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dei blei vitne til at faren svikta

Dommarane har lagt stor vekt på det dei fornærma har forklart om hendinga.

Dei tviler heller ikkje på den fornærma kvinna si forklaring om at mannen skal ha beklaga, men sagt at han måtte drepe ho.

Retten har også vektlagt opptak av naudsamtalane, bildemateriale frå åstaden, dei kriminaltekniske undersøkingane, videoovervaking frå utsida av bustaden og vitneforklaringar.

Mannen erkjente straffskuld for mishandling i nære relasjonar under rettssaka, som følge av at deira felles barn var til stades under hendinga.

Retten meiner det er alvorleg at unge barn har blitt utsett for noko slikt, og at det er noko som vil prege dei resten av livet.

– Dei blei vitne til at faren svikta totalt og at mora sitt liv stod på spel, medan dei sjølv var midt i kaoset. Hendinga skjedde i barna sin heim, der dei skulle føle seg trygge, står det i dommen.

Dei har også vektlagt at kvinna prøve å få barna ut av bustaden, men blei stoppa av mannen.

Les også Tiltalt for drapsforsøk i Averøy: – Eg tenkte: Herregud, kva har eg gjort

Averøy-rettssak

Rømte over til naboen

Kvinna og barna greidde etter kvart å ta seg ut av bustaden. Dei flykta over til ein nabo, der dei fekk hjelp.

Kvinna hadde då fått eit stort kutt og var alvorleg skadd. Under rettssaka blei det lagt fram dokumentasjon på at ho kunne ha døydd hadde ho ikkje fått rask helsehjelp.

– Det var tilfeldig at utfallet ikkje blei fatalt. Blant anna at naudetatane raskt blei varsla og at ambulansepersonellet valte å gå inn i bustaden, der fornærma var, utan at område først var sikra. Og ikkje minst den livreddande innsatsen til naboen, står det i dommen.

I retten vitna naboen om hendinga og sa det hadde gjort sterkt inntrykk.

Den dømde mannen påførte også seg sjølv skader og blei i etterkant funnen i bustaden av politiet. Han var då kritisk skadd.

Begge blei frakta til sjukehus for behandling. Mannen låg i koma i over ti dagar.

Mannen er tidlegare dømt for mishandling, men ikkje mot nokon av dei fornærma i denne saka.

Nordmøre og Romsdal tingrett

Retten høyre forklaringar frå ein rekke vitne under rettssaka.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Letta

Inn imot erstatningskravet har retten lagt vekk på både dei psykiske og fysiske skadane som dei fornærma har fått, og korleis saka kjem til å prege dei vidare.

Kenneth Leren er den fornærma kvinna sin bistandsadvokat. Han seier følgande om dommen.

– Ho føler seg letta, samtidig som ho meiner straffenivået generelt er for lågt. Ho skal gjere det ho kan for å restarte livet sitt saman med barna sine.

Bistandsadvokat Kenneth Andre Leren

Kenneth Leren er den fornærma kvinna sin bistandsadvokat.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I tråd med aktor sin påstand

Aktor og statsadvokat Jogeir Nogva bad om åtte år i fengsel då saka var oppe i Nordmøre og Romsdal tingrett.

Dermed er straffa i tråd med det han bad om under rettssaka.

– Vi er fornøgde med dommen og ser ingen grunn til å anke, seier Nogva.

Statsadvokat Jogeir Nogva.

Statsadvokat Jogeir Nogva seier dei ikkje kjem til å anke saka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også Tiltalt for drapsforsøk i Averøy: Aktor ber om åtte år i fengsel

Nordmøre og Romsdal tingrett