Volda sentrum
Foto: Astrid Haugland / NRK

Volda kommune

  • Ber Mæland ta grep

    Ordførar i Hornindal og leiar for fellesnemnda for Nye Volda, Stig Olav Lødemel (H), ber kommunalminsiteren Monica Mæland, også frå Høgre, om å samordne dei mange moderniseringsprosessane som no er i gang. Det skriv avisa Møre. Dette vart sagt etter at domstolkommisjonen har foreslått å leggje ned tingretten i Volda og i Molde, og at desse skal samlast til Møre og Romsdal tingrett i Ålesund, med ei avdeling i Kristiansund. Lødemel peiker på at det er fleire institusjonar som har vorte lagt ned i Volda, og at dette kan påverke lokalsamfunnet i stor grad. Han ber no kommunaldepartementet å sjå på kva for konsekvensar dette får for distrikta.

    Stig Olav Lødemel
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Krev at kommunen tek grep

    Foreldreutvalet på Volda ungdomsskule krev at kommunen tek grep, og set ein dato for når eit nytt skulebygg skal stå klart. Sidan måndag har det leke vatn inn på den snart 60 år gamle skulen som følgje av det kraftige regnvêret som har vore. Skulen er falleferdig og vi kan ikkje vente lenger, seier leiar i FAU, Morten Ottesen. Oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik, seier dei jobbar for å utbetre lekkasjane.

    Vatn på Volda ungdomsskule
    Foto: Privat
  • Kritisk til kutt i traumefunksjon

    Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, protesterer mot at administrasjonen i Helse Møre og Romsdal seier nei til at Volda sjukehus skal ha funksjon som traumesjukehus. Eit traumesjukehus tek imot sterkt skadde pasientar som har vore utsett for ulukker. Amdam seier at Volda sjukehus har både kompetansen og kirurgane som trengst for å behandle slike pasientar. – Planen gjev pasientane eit dårlegare tilbod, og det er ikkje noko å spare økonomisk på dette, seier han.

    Jørgen Amdam
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Kuttar traumefunksjon i Volda

    Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal går inn for at det er sjukehusa i Molde og Ålesund som skal behandle pasientane som er alvorleg skadde i ulukker.

    Ei arbeidsgruppe har vurdert kva sjukehus som skal ha traumefunksjon, og går inn for at Kristiansund og Volda IKKJE skal vere traumesjukehus.

    Kristiansund sjukehus skal om kort tid inngå i det nye fellessjukehuset, og Volda sjukehus må opprustast med kirkurgisk helgevakt for nye pasientar og blodlager for å kunne fungere som traumesjukehus, heiter det i rapporten.

    Saka skal opp på styremøte i neste veke.

    Sjukehuset i Volda
    Foto: NRK