Hopp til innhold

Ordførar om dødsfall: – Ei forferdeleg nyheit å få

Fredag døde eit ektepar av skotskadar i Kristiansund. Ordførar, Kjell Neergaard, seier dødsfallet pregar kommunen.

Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund, om ekteparet som døde i kommunen fredag ettermiddag.

PREGA: Kjell Neergaard er ordførar i Kristiansund. Han kjende sjølv ekteparet som døydde av skotskadar fredag.

– Eg har kjent dei i mange år og visste godt kven dei var. Eg synest det er trist og tungt. Det var ein brutal beskjed å få, seier Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund.

Han seier at gårsdagens dødsfall pregar heile byen.

– Eg var ein tur i sentrum i føremiddag og dette er noko alle snakkar om. Dei synest det er trist og synst det var ei forferdeleg nyheit å få. Dette er folk som er kjent i bybildet og som mange veit kven er, seier Neergaard.

– Eg tenker spesielt på barn og barnebarn i dag, at dei fekk ei så brutal melding i går, held han fram.

Fekk melding om alvorleg skadd kvinne

Det var like etter klokka halv fire fredag ettermiddag at politiet i Møre og Romsdal fekk melding om at det låg ein alvorleg skadd person utanfor ein bustad sentralt i Kristiansund.

Politiet rykte så væpna ut og fann ei kvinne i 70-åra hardt skadd med skotskadar utanfor einebustaden. Ho blei frakta til sjukehus, men etter kort tid blei ho konstatert død.

I tillegg søkte politiet gjennom huset, der dei fann ein mann i 70-åra død. Også han hadde skotskadar.

Våpen registrert på adressa

Politiet stadfestar at det er registrert eit handvåpen på adressa.

– Det er gjort funn av eit handvåpen. Det er eit lovleg våpen, men eg vil ikkje gå inn på kva type våpen det er. Det fortel Merethe Falkevik som er påtaleansvarleg i saka.

Merethe Falkevik i politiet.

Merethe Falkevik er politiadvokat. Ho stadfestar at det er registrert eit handvåpen på adressa der dei omkomne blei funne.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Falkevik seier dei brukar store ressursar på saka og at dei held fram med vitneavhøyr utover dagen.

– Vi avhøyrer familie, pårørande og andre vitne som kan vite noko om det som har skjedd.

Ho vil ikkje gå innpå innhaldet i vitneavhøyra og heller ikkje noko om kva som har skjedd. Ho stadfestar at det ikkje er fleire involvert i saka enn dei to omkomne.

Politiet er ikkje ferdig med arbeidet på åstaden. Der er kriminalteknikarar på plass utover laurdagen. Falkevik fortel at dei vil halde fram etterforskinga med stor intensitet dei komande dagane.

Les også Ektepar døde etter hendelse i Kristiansund

To personer ble funnet døde etter en hendelse i Kristiansund fredag ettermiddag. Både en kvinne og en mann hadde skuddskader. Kriminalteknikkere jobber på stedet fredag kveld.

Kriseteamet står klar

Kriseteamet til kommunen blei kopla på allereie fredag. Neergaard seier dei skal hjelpe så lenge som det er behov for det.

– Dei vil vere tilgjengelege for alle som treng det gjennom heile helga, seier ordføraren.

Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund. Kledd i blå skjorte.

Ordførar Kjell Neergaard seier kriseteamet til kommunen er tilgjengelege for alle som trenger det.

Foto: Eirik Haukenes / NRK