Hopp til innhold

Ektemann sikta for å ha drepe kona

Eit ektepar i 70-åra blei funne drepne i Kristiansund. No har den avdøde mannen status som sikta.

To personer ble funnet døde etter en hendelse i Kristiansund fredag ettermiddag. Både en kvinne og en mann hadde skuddskader. Kriminalteknikkere jobber på stedet fredag kveld.

Ein mann og ei kvinne i 70-åra døydde i Kristiansund i mai.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fredag 19. mai døydde eit ektepar i 70-åra i Kristiansund med skotskadar. Kvinna vart funnen hardt skadd utanfor huset. Ho blei frakta til sjukehus, men blei konstatert død kort tid seinare. Mannen vart funnen død inne i huset. Også han hadde skotskadar.

Etterforskinga så langt tyder på at det har vore losna skot mot kvinna både inne i bustaden, og utanfor bustaden der ho blei funnen, opplyser politiet i ei pressemelding.

Mannen har status som sikta.

– Politiet har arbeidd etter ein hovudhypotese om at mannen først har skote kvinna og deretter tatt sitt eige liv. Ei omfattande etterforsking har styrka denne hovudhypotesen, seier politiinspektør Ove Brudevoll i Møre og Romsdal politidistrikt.

Fann lovleg våpen i huset

Politiet blei varsla av folk som såg den skadde kvinna utanfor huset og dei rykte ut med væpna styrkar.

Det blei funne fleire skytevåpen inne i huset. Politiet seier at våpenet som vart brukt er eit handvåpen. Det var lovleg registrert på mannen.

Politiet har gjennomført rundspørringar i nabolaget, tatt om lag 30 vitneavhøyr, innhenta videoovervaking, gått gjennom telefonar og innhenta helseopplysningar i saka.

– Det har ikkje vore augevitne til handlinga, seier Brudevoll. Begge døde av skotskadane.

Tragisk sak

Politiet har ikkje grunnlag for å seie noko om motiv for handlinga så langt i etterforskinga.

– Det har vore viktig for oss å vareta dei etterlatne saman med kriseteamet i kommunen. Dette er ei svært tragisk sak sjølvsagt først og fremst for familie og vener, men også for eit lite lokalsamfunn seier Brudevoll.

Etterforskinga er ikkje sluttført. Dei ventar mellom anna svar på innsendte prøver for å sikre spor. Det skal i tillegg gjerast fleire avhøyr og gjennomgangen av digitale spor er ikkje avslutta.

– Åstaden er ikkje frigitt og grunnen er at vi ventar på svar på sikra spor, seier Merethe Falkevik, som er politiadvokat og påtaleansvarleg.

Dei etterlatne har fått oppnemnt bistandsadvokat. Dei ynskjer ikkje å kommentere saka.

Les også Ordførar om dødsfall: – Ei forferdeleg nyheit å få

Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund, om ekteparet som døde i kommunen fredag ettermiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL