Hopp til innhold

Opphevar frifinning etter dykkarulykke

Frostating lagmannsrett opphevar dommen etter ei dykkarulykke der ein mann omkom utanfor Smøla hausten 2014.

Dykkarulukke Smøla

Ein mann omkom etter ei dykkarulykke i 2014. Den daglege leiaren i firmaet som mannen jobba stod tiltalt for 12 brot på Arbeidsmiljølova i Nordmøre tingrett, men blei frifunnen. Saka blei anka til lagmannsretten som no har oppheva dommen.

Foto: Redningsskøyta Erik Bye

Frostating lagmannsrett slår dermed fast at kommersiell dykking etter kamskjel frå båt blir omfatta av arbeidsmiljølova. Det sentrale spørsmålet i lagmannsretten var om denne type aktivitet var omfatta av unntaket i arbeidsmiljølova § 1-2, for «sjøfart, fangst og fiske».

I dommen frå Nordmøre tingrett blei det konkludert med at selskapet Atlantic Strømøyvåg hadde ei så nær tilknyting til fangst og fiske at verksemda var unntatt arbeidsmiljølova. Dette var lagmannsretten ueinig i.

– Lagmannsretten ser det slik at ein ikkje kan organisere seg vekk ifrå sikkerheitsforskrifter som gjeld for profesjonell dykking, og som er straffesanksjonert gjennom arbeidsmiljølova, står det i dommen.

Omkom under dykking

Det var i november 2014 at ein dykkar omkom på jobb utanfor Smøla på Nordmøre. Mannen jobba for firmaet Atlantic Strømøyvåg som har base i Sør-Trøndelag. Firmaet dreiv med kamskjelsanking.

Han var saman med fire andre dykkarar på jakt etter kamskjel, men blei borte under overflata. Det tok nesten ein time før han blei funnen livlaus i sjøen. Forsøk på gjenoppliving nytta ikkje. Dette var heller ikkje første gong selskapet var involvert i alvorlege ulykker. To gongar tidlegare har dykkarar omkome under jakt på kamskjeldykking.

 Nordmøre tingrett

Den daglege leiaren i firmaet blei frifunnen i Nordmøre tingrett, men saka blei anka til lagmannsretten.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den daglege leiaren i firmaet der han arbeidde, blei i fjor frifunnen i Nordmøre tingrett for brot på arbeidsmiljølova. Tingretten kom til at arbeidsmiljølova ikkje galdt under dykkinga, og det er dette påtalemakta vil ha undersøkt på nytt i lagmannsretten. Saka blei anka til lagmannsretten og ankesaka starta 5. april i år.

Lagmannsretten har no oppheva tingretten si avgjerd, fordi dei meiner at måten lova er brukt på er uriktig. Det blir då opp til statsadvokaten om dei vil køyre ei ny runde i Tingretten.

– Sjølv om det er ein del likskapar mellom ein fiskar og dei som driv med dykking etter kamskjel, er desse særleg knytt til registrering av arbeidstakarane og oppgjeret for fangsten, ikkje utføringa av verksemda, står det i dommen.

Les alt om saka her:

Vurderer anke

NRK har så langt ikkje lukkast å kome i kontakt med statsadvokaten for å få ein kommentar.

Advokatfullmektig Leonard Nesdal, representerte den tiltalte mannen under ankesaka i lagmannsretten.

– Vi har ikkje bestemt oss for om vi vil anke saka, men det er til vurdering, seier han til NRK.