NRK Meny
Dykkarulukke Smøla
Foto: Redningsskøyta Erik Bye

Dykkarulykke utanfor Smøla

Oppsummert

Hausten 2014 omkom ein dykkar under kamskjell-leiting utanfor Smøla. I tingretten tre år seinare blei den tidlegare daglege leiaren i selskapet frikjend for brot på arbeidsmiljølova i samband med dødsdykket. Lagmannsretten oppheva dommen.

  • Til høgsterett

    Striden rundt dødsulykka i samband med kamskjel-sanking utanfor Smøla hausten 2014, hamnar i høgsterett. Ein utanlandsk dykkar omkom og påtalemakta meinte den tidlegare daglege leiaren i selskapet gjorde seg skuldig i fleire grove brot på arbeidsmiljølova. Han blei frifunnen i tingretten, men dommen blei oppheva med bakgrunn i arbeidsmiljølova i lagmannsretten. No skal høgsterett avgjere om arbeidsmiljølova gjeld under dykking.

  • Dykkarstrid truleg hos høgsterett

    Striden om kven som hadde ansvaret då ein dykkar omkom utanfor Smøla hausten 2014 hamnar truleg hos høgsterett. Han som var dagleg leiar i dykkarfirmaet blei i fjor frikjent i Nordmøre tingrett, før lagmannsretten nyleg dømde han for brot på arbeidsmiljølova. Advokatfullmektig Leonard Nesdal, som representerer mannen, seier til NRK at det er viktig å få avklart rettstryggleiken til dykkarane.

  • Dom i dykkarulykke oppheva

    Frostating lagmannsrett opphevar dommen etter dykkarulykka utanfor Smøla hausten 2014. Ein dykkar omkom under fangst av kamskjel, og den daglege leiaren i firmaet der han arbeidde, blei i fjor frifunnen i Nordmøre tingrett for brot på arbeidsmiljølova. Saka blei anka til lagmannsretten som har oppheva tingretten si avgjerd, fordi dei meiner at bruken av lova dommen baserer seg på er uriktig. Det blir då opp til statsadvokaten om dei vil køyre ei ny runde i Tingretten. Advokatfullmektig Leonard Nesdal, representerte den tiltalte mannen i ankesaka. Han seier dei ikkje har tatt stilling til om dei vil anke avgjerda.

  • Rettssak etter dykkarulykke

    I dag startar ankesaka etter dykkarulykka utanfor Smøla hausten 2014, der ein mann omkom. Den tidlegare daglege leiaren for Atlantic Strømøyvåg blei før jul frifunnen, men statsadvokaten anka dommen. Nordmøre tingrett kom til at arbeidsmiljølova ikkje galdt under dykkinga, og det er dette påtalemakta vil ha undersøkt på nytt i lagmannsretten.

  • Ankar dommen etter dykkarulykke

    Statsadvokaten ankar dommen etter dødsulykka utanfor Smøla i 2014. Ein dykkar omkom under fangst av kamskjell, og tidlegare i november blei den daglege leiaren i firmaet der han arbeidde, frifunnen i Nordmøre tingrett. Retten kom til at Arbeidsmiljølova ikkje galt, og politiadvokat Knut Meek Corneliuseier seier dei ønskjer å få det spørsmålet prøvd i lagmannsretten. Politiet la ned påstand om fem månaders fengsel, men blei ikkje høyrt.