Hopp til innhold

Opphevar foreldingsfristen på drapssaker

Tidlegare har foreldingsfristen vore 25 år for uoppklarte drap. No kan jakta på gjerningsmennene halde fram i det uendelege.

Trude Espås

Uoppklart drapssak: Trude Espås (21) frå Orkanger vart drepen i Geiranger 8. august 1996. Måndag vedtek Stortinget at uoppklarte drapssaker som denne aldri kan bli forelda.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

– Vi kan aldri gje opp å finne ein gjerningsmann, sjølv om det har gått lang tid. Det kan kome nye opplysningar eller nye metodar som gjer at saka blir oppklart, seier seksjonsleiar Trygve Aandstad ved valdsseksjonen på Kripos til VG.

– Viktig vedtak

Måndag opphevar Stortinget foreldingsfristen på 25 år for drapssaker. Den nye lova, som trer i kraft 1. juli, gjeld drapssaker, alvorlege seksualbrotsverk og kjønnslemlestingar. Frå denne datoen vil slike saker aldri kunne foredlast.

Stortingsrepresentant og medlem av justiskomiteen Jenny Klinge (Sp) er fornøgd med vedtaket.

– Dette er veldig gledeleg og eit viktig vedtak, fordi ofre og etterlatne etter alvorleg kriminalitet vert tekne på alvor, seier ho til avisa.

Birkeland-drapet

Fjerde juledag 1991 vart 94 år gamle Laura Birkeland funnen kvelt i heimen sin i Molde. Grandnevøen, som budde i same hus som kvinna, vart sikta for drapet, medan ein kamerat vart sikta for medverknad.

Etter 14 månader i varetekt vart saka mot grandnevøen lagt bort. Saka ville ha blitt forelda i 2016, men den nye lova gjer at ein no kan ta tak i saka på ny når enn det skulle vere.

Espås-drapet

Sidan drapet på Birkeland, har Kripos registrert 32 uoppklarte drap dei siste 25 åra.

Eitt av dei mest omtalte er drapet på 21 år gamle Trude Espås den 8. august 1996. Espås vart funnen valdteken og drepen i ei steinrøys utanfor Geiranger sentrum. Trass i omfattande etterforsking, vart gjerningsmannen aldri funnen.

Trude Espås (21) ble funnet voldtatt og drept i Geiranger 8. august 1996.

Sjå nyheitsreportasjen om det uoppklarte drapet på Trude Espås.