Forfatter Linda Klakken
Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Gamblaren

Kvifor kasta Linda Klakken seg inn i ei av Noregs største uløyste drapssaker?

Fem år sidan. Linda Klakken, ein relativt ukjent forfattar og lærar, ser det populære krimprogrammet «Åsted Norge» rulle over skjermen i stova.

Tidlegare drapsetterforskar Asbjørn Hansen ber publikum om hjelp. Kven tok livet av Trude Espås i Geiranger i 1996?

Etterforskinga har vore blant dei mest omfattande i noregshistoria, likevel er saka enno ikkje oppklart.

Linda Klakken står midt i småbarnslivet, omgitt av dokker og einhjørningar, men kjenner suget i magen. Ho må prøve å finne mordaren.

Trude Espås

BLEI BERRE 20 ÅR: Eitt av fotoa som blei sendt ut til pressa då Trude Espås forsvann i 1996.

Foto: NTB scanpix

Vekas mest omtalte bok

Denne veka kom boka «Jakten. På sporet av mannen som drepte Trude Espås» ut. Linda Klakken har sete i VGs Krimpodden-studio, snakka på TV 2s nyheitssending og blitt portrettert av kvinneblad.

– Eg er berre ein fullstendig ukjent forfattar som plutseleg blir kasta uti, seier Klakken (43).

Ho verkar likevel svært roleg og trygg. Som ein etterforskar. Eg prøvar å lese henne, men ho har pokeransikt. Kjem det fleire avsløringar? Nytt frå politiet? Veit ho noko meir enn det som faktisk står i boka?

I dei fem åra som har gått sidan ho såg innslaget på «Åsted Norge», har ho grave seg lenger og lenger ned i drapsmysteriet, til eit detaljnivå der ho kunne frasen «død kvinne» på tolv forskjellige språk.

Forfatter Linda Klakken med kart over Geiranger.

RESEARCH: Mange timar med å studere tidslinjer og kart.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Ho lagde seg eit rigid system, inspirert av ekte etterforsking, der ho testa hypotesar. Det var like viktig å jobbe for å utelukke personar som gjerningsmenn, som å bekrefte dei.

Med på laget fekk ho den erfarne etterforskaren Asbjørn Hansen som makkar, han frå «Åsted Norge». Ho skildrar i boka korleis ho ringer han med nye leietrådar og spørsmål.

Etter kvart fekk ho tilgang til saksdokumenta via bistandsadvokaten til mor til Trude Espås, John Christian Elden.

Forfatter Linda Klakken

SMALE AUGE: Slik har Linda Klakken sete i hundrevis av timar. Framfor PC-skjermen på jakt etter mordaren.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Willy

8. august 1996 sette Trude Espås seg på ein stein ved fjorden i Geiranger. Ho hadde ei solsikkespenne i håret og raud t-skjorte på. Ho tok fram ei bok og byrja å lese.

Espås hadde jobba som stuejente på Hotel Union i Geiranger ei knapp veke då ho forsvann.

Elleve dagar seinare vart ho funnen drepen.

Det skaka Noreg at noko slikt kunne skje på den fredfulle turiststaden med vakre fossar og fjell. Midt på lyse dagen. Saka brente seg også fast hos Linda Klakken, som på det tidspunktet var 16 år og budde i Ålesund, berre to timar unna.

Politiet gjennomførte tusenvis av avhøyr, innhenta bilete og etterlyste turistar som var i bygda på drapsdagen.

Klakken forklarar at det spesielle ved Geiranger som åstad var at det krydde av menneske den dagen Trude Espås blei drepen. Politiet har anslått 5000. Dei aller fleste var turistar som raskt forlèt bygda, kanskje allereie neste dag.

Eit kreativt grep Linda Klakken tar i boka si, er å gi ein av mennene ho ser på som potensiell gjerningsperson namnet Willy. Dette er henta frå den britiske barneboka «Hvor er Willy?», som vi tittar på under intervjuet. Konseptet er å finne den vesle fyren i raudstripete t-skjorte blant haugevis med folk.

Forfatter Linda Klakken og tegning av "Willy"
Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Eg blir overraska over kor vanskeleg det er å finne Willy. Myser med augo for å sortere i kaoset. Brukar det å vere så smått, spør eg.

Ja, av og til mindre også, seier ho.

Eit godt bilete på sånn du har sitte og halde på?

Ho nikkar, kastar eit blikk på landskapet der Willy gøymer seg.

Det er litt Geiranger, eigentleg. Masse folk.

Motivasjonen

Tidlegare har Klakken skrive dikt og barnebøker. Ho les ikkje true crime og er redd for blod.

– Å gå inn i ei så brutal drapssak er utypisk for meg. Eg er vanlegvis ein veldig tilbakelent, fredselskande type, seier ho og ler kort.

Så kvifor i alle dagar gå inn i dette?

Ho har stor arbeidskapasitet og likar å fordjupe seg i ting. Og så var det ei spesiell erfaring. Då Linda Klakken stod i stova og kjente i magen at ho måtte finne mordaren, var ho nett friskmeldt for speleavhengnad. I online poker hadde ho utvikla sitt eige system, der ho brukte sannsyn til å føresjå kva motparten kom til å gjere. I starten tente ho mykje pengar, men så tok overmotet over. Økonomiske problem og avhengnad var eit faktum.

Ho fekk hjelp hos psykolog og bestemte seg for å bruke sine analytiske evner til noko meir fornuftig. Det umoglege prosjektet som rulla over skjermen, tiltalte henne.

Det er jo konkurranseinstinktet i meg, gamblaren, som gjerne vil at det skal vere så vanskeleg som mogleg. Eg lurte på om det var mogleg å konvertere måten eg systematiserte opplysningar på til ei så kompleks drapssak.

Geiranger, Trude Espås-saken.

STEINEN: Her sat Trude Espås og las om ettermiddagen 8. august 1996. Steinen ligg rett ved riksvegen i Geiranger. Likevel er ikkje drapsmysteriet løyst.

Foto: Pål R. Hansen / VG

Den andre delen av motivasjonen handla om å hjelpe. I «Åsted Norge» var det eit kort klipp med mor til Trude, som gjorde sterkt inntrykk.

Eg kan ikkje heilt førestille meg korleis det er å vere i hennar situasjon, å vakne til eit stille hus i så mange år. Som mor sjølv, så kunne eg berre ane kor jævlig det har vore.

Motivasjonen til trass, Linda Klakken hadde ikkje etterforska ei drapssak før. Var ho ikkje redd for å gjere feil?

– Eg følte at moglegheita for å hjelpe var større enn frykta for å gjere feil. Så ... då hoppa eg berre uti det.

Oppvekst

Linda Klakken er fødd i Ålesund, 1979.

Stemma endrar karakter når ho snakkar om sin eigen oppvekst. Ho blir glad. For ei lita stund er tyngda av drapssaka borte, ho kan snakke fritt.

Åh! Det var mitt barndoms paradis. Gode, snille foreldre.

Ho skildrar eit trygt og roleg nabolag, der ungane sprang gjennom hekkane og boltra seg i store eplehagar. Frå ho var ferdig på skulen, til ho blei kalla inn om kvelden, var det stort sett fotball det gjekk i. Det einaste ho kan kome på som er relevant for det ho driv med i dag, er at ho likte å lage kollasjar. Å sette saman ulike bilete. Puslespel.

– Og så hadde eg ein livleg fantasi.

På skulebiblioteket slukte ho både fantasirik skjønnlitteratur og gamal historie. Spesielt bøker om store oppfinnarar. Ho var fascinert av motet deira.

Sjølv om ho alltid har vore glad i å fortelje historier, kom skrivinga inn først seint i tenåra. Ho skreiv dikt for å kome seg gjennom kjærleikssorg.

Dei blei ubegripeleg dårlege, slik som det er i starten.

Forfatter Linda Klakken

I GEIRANGER: På ein av fire turar ho har tatt til bygda i løpet av etterforskinga.

Foto: Privat

Utdanninga som forfattar kom på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Inspirert av ålesundspoeten Nils-Øivind Haagensen dukka ho ned i lyrikken først.

Debutboka som kom ut i 2013, «Mamma, kone, slave», hausta god kritikk. Blei kalla ei av årets beste bøker. Wikipedia-sida hennar fortel at nokre av dikta er omsett til engelsk, makedonsk og belarusisk. Ho har også skrive ei barnebok.

Seinare jobba ho som journalist i Klassekampen. Ho okkar seg litt over at tittelen journalist blir brukt i innsalet av boka. Er ikkje heilt sikker på om ho har rett på den, sidan ho aldri tok journalistikk-utdanning.

Enda eit originalt punkt på CV-en: Klakken har bidratt som låtskrivar på eit album som Valkyrien Allstars vann Spellemannpris for.

Berre éin låt.

Ho dyssar opplysninga frå Wikipedia-sida litt ned.

Linda Klakken verkar ujålete. Skrollar eg eit stykke tilbake på Instagram-profilen hennar, kan eg sjå henne posere på Aschehougs hagefest i flisgenser ved sidan av Unni Lindell.

Kva skjer når den skjønnlitterære forfattaren møter etterforskaren?

Ho hevdar at tanken om ei bok kom lenge etter at ho hadde byrja å etterforske. Då bestemte ho seg for å fortelje historia om korleis ho hadde jobba i alle desse åra med saka, og om sine funn.

Eg sluker først boka i éin jafs. Ho står ut som velskriven. I ein sjanger som ofte er prega av etterforskarar som har blitt forfattarar, med varierande hell, har Klakken kome andre vegen. Ho kan å skrive, byggje spenning, deler villig av opp- og nedturar undervegs.

Andre gongen eg les boka, melder spørsmåla seg. Klakken har openbert vore grundig i metodikken og open om sine manglar som amatør-etterforskar, men kan omtalen av potensielle gjerningsmenn likevel vere problematisk?

Ein skjønnlitterær forfattar lever av fiksjon, der spekulasjon er fullt lovleg. Ein sakprosa-forfattar må presentere det som er sant. Likevel finst det ikkje eit etisk rammeverk som forpliktar på same måte som i journalistikken. Dermed blir det ofte debatt om slike bøker.

Er det nokon fare for at du kastar lys over folk som ikkje har gjort noko gale? Som viser seg å ikkje vere gjerningspersonen?

Jaaa. Det er jo ein viss risiko for det, men eg tenkjer at eg har gjort det eg kan for å anonymisere han, og så tenkjer eg at undervegs i arbeidet så har også fokuset vendt seg frå denne personen til ein annan kandidat som er uidentifisert.

Kan dei likevel vere identifiserbare i eit gitt miljø?

Eg trur alle som er i det miljøet har god kjennskap til at han (Willy) har både blitt avhøyrt og mistenkeleggjort tidlegare, det er ei dør som allereie er slått inn der. Så det kjem ikkje som noko bombe for dei.

Utan å røpe for mykje, beveger Klakken seg etter kvart bort frå kandidaten ho kallar Willy og mot det ho ser på som andre potensielle kandidatar.

ESPAAS TEGNING

FANTOMTEIKNING: Politiet etterlyste denne mannen i 1996.

Foto: KRIPOS VIA SMP / NTB scanpix

Dei siste trinna

Boka er ute. No håpar Linda Klakken at cold case-gruppa til Kripos på nytt tar tak i Trude Espås-saka.

Eg synest det er viktig at ein ikkje lar den typen vald mot kvinner stå uløyst. Kven er vi som samfunn viss vi gløymer Trude? Det er nesten det same som å seie at det er greitt, det som skjedde med henne, og det er jo ikkje det. Så.

På det personlege plan er saka framleis med Klakken. Ansiktet til mannen ho kallar Willy har hengt med henne lenge. Ho har sett seg over skuldra kvar gong ho går opp trappene heime. No heng han berre att i den siste avsatsen.

Enda sterkare enn biletet av Willy er biletet av Trude Espås. Både for Klakken sjølv og lesaren av boka.

– Kjem du til å klare å sleppe saka?

Ehh. Nei, det trokke e. Det trokke e. E kommer til å jobbe med det fortsatt, i håp om å kunne hjelpe politiet med opplysninga som kan føre saken videre, seier ho på ålesundsdialekt.

Som forfattar tenkjer ho likevel å vende seg over til eit litt anna prosjekt, ein fiktiv krimserie frå Ålesund.

– Eg trur det blir fint å kunne dikte fritt og lage karakterar som ikkje eksisterer i verkelegheita. Det er eitt eller anna med Trude, at ho lever på ein måte med meg no. Eg føler eit ansvar overfor ho og det er eit stort ansvar å bere, då.

Linda Klakken gjekk all in i saka. Blei etterforskinga ein ny form for avhengnad?

Nei, det er ein vesensforskjell i å vere avhengig av spel og den innbitne jobbinga med drapssaka, meiner ho.

– Ein avhengnad er utelukkande destruktiv og påverkar alle rundt deg negativt. Medan det her kan få positive konsekvensar, dersom ein klarer å flytte saka framover.

-------------

NRK har vore i kontakt med Asbjørn Hansen, etterforskaren, som avslår å kommentere boka. Kagge forlag opplyser til NRK at han har godkjent framstillinga av seg sjølv.

Politiadvokat Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt opplyste til NTB 12. oktober at informasjonen dei så langt hadde fått frå boka ikkje tilførte saka noko vesentleg nytt. Ifølgje Krimpodden (VG) 13.oktober opplyste politiadvokaten at han ikkje hadde lest boka og at han ikkje kunne kommentere dette no.

Bistandsadvokat John Christian Elden opplyser at mor til Trude Espås er gjort kjent med boka, men ikkje vil gjere intervju i samband med denne, ifølgje Dagbladet.

– Vi håpar at boka kan bidra til at politiet får fleire konkrete tips som kan føre saka til ei løysing.

Hei!

Har du tips til nye saker? Ta gjerne kontakt. Du kan lese alle våre kultur-langlesingar her

Anbefalt vidare fordjuping: