Hopp til innhold

Bistandsadvokaten: – Familien har stålsett seg for dette

Familien til avdøde Sami Milhem har venta lenge på å ta farvel. No får dei sonen tilbake.

Kondolanseprotokoll til Sami Milhem

På rådhuset i Hareid ligg kondolanseprotokollen. Under minnestunda i Hareid kyrkje søndag kom mellom 150 og 200 menneske for å minnast Sami (20).

Foto: Arne Flatin / NRK

Jørund Knardal

Jørund Knardal er bistandsadvokat for Sami Milhems familie.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Avdøde Sami Milhem (20) hadde ein stor familie med medlemmar frå Noreg og Sverige. Dei er samla i sorga på Hareid. Bistandsadvokaten til familien, Jørund Knardal, seier at familien har hatt eit sterkt ønskje om å sjå Sami.

– Familien hans er i sterk sorg. Det er ein spesiell situasjon, og dei har verken fått sett han eller staden der det skjedde. No får dei overta han og starte planlegginga av gravferda, seier Knardal.

Ifølgje Knardal har det vore tøft for familien å ikkje vite kva som skjedde – men det var også tøft å få innsyn i dei bestialske detaljane.

– Familien får no sjå sonen sin. Det har fleire av dei ønska.

Gravferd denne veka

Måndag vart den avdøde obdusert på Ålesund sjukehus av rettsmedisinarar under leiing av professor Inge Morild frå Gades institutt i Bergen. Knardal seier at gravferda vil sannsynlegvis bli onsdag eller fredag denne veka.

– Under presentasjonen frå politiet kom det fram grufulle detaljar om drapet. Det var ei påkjenning for familien, men dei har stålsett seg for dette. Dei har ønska å få svar rundt det som skjedde fredag, og i kveld fekk dei nokre svar, seier Knardal.

I obduksjonsrapporten får familien svar på blant anna kva slags våpen som var brukt og kva slags skadar den avdøde fekk.

Artikkelen held fram under bildet ...

Kondolanseprotokoll Sami Milhem

Kondolanseprotokollen ligg på rådhuset i Hareid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ikkje overraska over at den sikta erkjente drapet

Sami Milhem vart funnen drepen i eit kommunalt bustadhus på Bigset på Hareid fredag. Drapet skal ha skjedd mellom klokka 08.00 og 11.00 på føremiddagen. Søndag ettermiddag starta første politiavhøyret av sikta, og ifølgje politiet har han eit sterkt ønskje om å forklare det som har skjedd.

I det første avhøyret erkjente mannen at det var han som utførte drapet – og at han var åleine om det. Måndag vart han framstilt for varetektsfengsling i fire veker.

– Familien forventa at den sikta skulle erkjenne drapet. Det er klare bevis mot mannen, så familien var ikkje overraska over at han godtok fengsling, seier Knardal.

Hareid kommune jobbar no med å kartlegge kven det er som treng hjelp i vennekretsen til den drepne Sami Milhem. På rådhuset ligg kondolanseprotokollen som først vart lagt ut i kyrkja i går.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Anders Riise fortel at dei vil gjerne hjelpe alle som treng det etter det grufulle drapet på Hareid. Han trur at behovet for hjelp er stort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL