Søndag kveld var Hareid kyrkje open for alle frå klokka 19 til 21 for alle som hadde behov for å snakke om det groteske drapet som skjedde i Hareid fredag.
– Det var eit sterkt behov for det. Det er mange ungdomsgruppe, venner og kjende av avdøde som hadde behov for å møtast og snakke med krise- og omsorgsgruppa, seier ordførar Anders Riise.
Ordføraren seier drapet på Sami Milhem, som budde i Hareid, har gått inn på det vesle lokalsamfunnet.
- Les også:
– Ei tragisk hending
– Det er ei veldig tragisk hending. Det er spesielle omstende i denne drapssaka som gjer at behovet har vore ekstra stort, seier Riise.
Ordføraren fortel om ei kyrkje open for alle – der lys blei tent og lågmælte samtalar fann stad. Nærare 200 sørgande menneske kom og gjekk gjennom dei to timane kyrkjedørene stod opne i søndag kveld.
Vil vise medkjensle
Også familien til avdøde Sami Milhem (20) vart til stades i kyrkja.
– Dei sette pris på at vi arrangerte denne stunda og hadde behov for å møte både krisegruppa og vennene til Sami, seier Riise.
Ordføraren er glad for at familien tok turen til minnestunda.
– Det var fint at dei kom, slik at vi fekk vise dei medkjensle og at Hareid-samfunnet bryr seg om situasjonen.
- Les også: