Hopp til innhold

– Dei ventar på å ta farvel med sonen

Familien til mannen som vart drepen fredag, er samla på Hareid i sorg, fortel bistandsadvokaten.

Avsperringsteip utanfor huset i Hareid der ein mann vart drepen 8. august

Etterforskarar frå Kripos har jobba på åstaden heile helga. Familien til offeret håper dei snart kan kome til huset der drapet skjedde.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Familien er i ufatteleg sorg over det som har skjedd, seier bistandsadvokat Jørund Knardal.

Avdøde hadde ein stor familie med medlemmar frå Noreg og Sverige.

– Desse er no samla i sorg på Hareid, seier bistandsadvokaten.

Knardal seier familien opplever kunnskapen om den bestialske måten drapet har skjedd på, som ei ekstrem tilleggsbelastning.

Under ein pressekonferanse laurdag kom det fram att den avdøde var ille tilreidd og mangla kroppsdelar då han vart funnen.

Vil ta farvel

Jørund Knardal

Jørund Knardal er bistandsadvokaten til familien til mannen som vart drepen i Hareid 8. august.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Ifølgje bistandsadvokaten har familien mange spørsmål ikring korleis dette har skjedd og kvifor. Blant anna ventar dei på at åstaden vil bli frigjeve frå Kripos.

– Det er viktig for familien at ingen bevis blir øydelagt på åstaden, så dei har full forståing for at det kan ta tid før dei kan kome til staden, seier han.

Dei pårørande håper også at obduksjonen snart er ferdig.

– Dei ventar på å få sjå sonen for å ta farvel med han.

– Letta over at ein mann er pågripen

Ein mann i 20-åra vart er pågripen og sikta for drapet. Det er familien letta over, seier bistandsadvokaten.

– Dei håper dette vil raskare bidra til å gje dei svar på det som har hendt.

– Har dei pårørande kome med teoriar til politiet om kva som kan vere årsaka?

– Dei har sine tankar og har kome med alle opplysningane dei har, men har også mange spørsmål til korleis dette kan ha skjedd. Det er politiet som må setje saman puslebitane, seier bistandsadvokaten.

– I media vert det framstilt som eit drap som har skjedd i eit rusmiljø. Kva seier familien til det?

– Det har eg ingen kommentar til, seier Knardal.