Hopp til innhold

Økonomisk tap for «Mannen»-evakuerte

Kvar gong fjellet er i stor bevegelse, må bebuarane under evakuere. Det blir store utgifter og tapte inntekter, og det har blitt vanskelegare å få dekt av forsikringa.

Evakuerer frå Mannen

EVAKUERING: Fem gonger på tre år har bebuarane under det rasutsette fjellet Mannen i Romsdal blitt evakuert.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Forsikringsselskapet vårt har dekt ein del, fram til i fjor. Men no seier dei at dei ikkje er villige til å dekke meir, seier Gunn Walstad Sogge.

Søndag 15. oktober blei bebuarane under det rasfarlege fjellpartiet i Mannen evakuert igjen. Det var femte gong på tre år.

Kvar evakuering har store kostnadar, men ikkje alt blir erstatta.

Gunn Walstad Sogge

SKADELIDANDE: Gunn Walstad Sogge bur rett under det rasutsette fjellet «Mannen». Ho er redd for at dei økonomiske tapa etter evakuering kan bli større.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Lite erstatning når husa står

Ho bur saman med familien på ein gard på Lyngheim, og er ei av dei 11 personane som blir rykka ut av heimen sin kvar gong farenivået blir raudt.

Over garden heng 180.000 kubikkmeter med ustabil masse, men også etter denne hausten står fjellet som før. Det blei ikkje noko ras.

Så lenge husa er uskadd, blir det lite erstatning.

– Det er veldig dumt og unødvendig at vi skal bli skal bli så skadelidande. Vi har jo uforskyldt hamna opp i dette,forklarer Walstad Sogge.

Mannen 29.10-2014

USKADD: Både hus og låve står uskadd etter fleire år med overhengande rasfare. For bebuarane på Lyngheim skaper det trøbbel med erstatning.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Vi fell mellom to stolar. Vi bur på ein plass som gjer at vi må bli evakuert, men det har ikkje skjedd fysiske skader ved at bygningane har blitt tatt, legg ho til.

Naturen tvingar dei til å evakuere, og det vil skje igjen. Likevel kjem ikkje dette inn under regelverket til Naturskadefondet.

I 2016 blei det ifølge regjeringa sine nettsider behandla 1151 erstatningssøknadar etter naturskadeloven, og det blei tilkjent 109,7 millionar kroner i erstatning frå Statens naturskadefond.

– Absolutt skadelidande

Kommunen reagerer også på at forsikringsselskapa har avgrensingar for utgiftene, med mindre det er direkte skade på hus, dyr eller folk.

– Dei er absolutt skadelidande, det er det ikkje tvil om, seier Odd Kjell Talberg, som er spesialrådgivar i Rauma kommune.

Odd Kjell Talberg

KOMMUNEN ER EINIG: Odd Kjell Talberg er spesialrådgivar i Rauma kommune. Han meiner absolutt at bebuarane er økonomisk skadelidande, uansett om husa er uskadd.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er både ei økonomisk belastning og ganske store summar inne i bildet. Berre den første hausten var det omtrent ein halv million i kostnader, berre på landbruksdelen.

Talberg fortel at dei den gong hadde forsikringsbransjen med seg på store delar av utgiftene.

– Det var eit kjempeviktig bidrag, men etter kvart har dei blitt strengare. Det er vanskeleg å seie korleis det ender opp i år.

Sauer evakuert Mannen

EVAKUERER DYRA: Det er ikkje berre menneske som blir evakuert frå det rasfarlege området, når rasfaren er ekstrem. Sauane må også flyttast vekk frå garden.

Foto: Tipsar

Ønsker lovendring

Både Rauma kommune og bebuarane under «Mannen» ønsker at Naturskadeloven blir tilpassa desse forholda.

– Å få dekka husleige på ny plass, alle utgiftene vi har med flytting og at vi må ta oss fri frå jobb. Eg synest det må komme på plass.

Rauma kommune skal ha eit møte med Olje og energidepartementet seinare i haust for å diskutere om Naturskadeloven bør bli endra. Departementet seier dei vil kommentere seinare.

NVE under Mannen

FLYTTAR HEIM: Gunn Walstad Sogge og representantar frå både NVE og Rauma kommune blir intervjua.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK