Frå Mannen

VAKKERT MEN FARLEG: Fjellet «Mannen» strekk seg 1 294 meter over havet, på vestsida av Romsdalen. Ved foten av fjellet finn du elva Rauma, Raumabanen og E136.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Å sove under 180.000 kubikk rasfare

RAUMA (NRK): Familien har alltid visst at det går ras og steinsprang, men ikkje vore bekymra. No ligg dei i senga og høyrer på lydane frå fjellet, vel vitande om at det massive fjellpartiet glir sakte men sikkert ned mot heimen deira.

Det brakar når dei største steinane hoppar nedover fjellsida, akkompagnert av raslinga frå mindre stein som følger etter.

Steinspranget går i retning den vesle garden i Romsdalen. Bak den raude låven og det kvite huset ruvar «Mannen», 1.294 meter høg.

Gunn Walstad Sogge og familien har blitt langt meir merksame på desse lydane dei siste åra.

Når eg vaknar av lydar blir eg liggande i senga og lytte litt ekstra før eg legg meg til for å sove igjen

Gunn Walstad Sogge

Når dei sit i stua og ser på TV kan dei høyre lydane frå fjellet. Tidlegare ville det kanskje ikkje brydd dei nemneverdig, men no har dei begynt å skru ned lyden for å høyre etter.

– Vi har blitt litt meir utrygge enn vi var.

Ras i Romsdalen er ikkje noko nytt. Familien har levd med desse lydane så lenge dei har budd på garden på Lyngheim.

Mannen 29.10-2014

LYNGHEIM: Garden ligg idyllisk til i Romsdalen, med beitemark til sauane og ein låve like ved huset. Men over heimen ruvar «Mannen», og delar av dette fjellmassivet er på veg ned.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Tidlegare har dei ikkje tenkt over at eit ras vil kunne nå heimen deira. At sauane som beiter på jordet står i faresona. At hundane som spring rundt huset er utrygge. At familien kan ligge og sove når 180.000 kubikk med stein rasar mot garden.

Det er også svært lite sannsynleg at det vil bli fasiten når eit stort ras går. Det er ikkje ein gong sikkert at raset vil bli stort i det heile tatt. Men all merksemda om det ustabile fjellet minner familien om at det er eit mogleg scenario.

Farenivå: Grønt, Gult, Oransje og Raudt

Eit skrekkscenario med folk som blir tatt av raset er heller ikkje sannsynleg. Dei siste åra har det ustabile fjellpartiet i «Mannen» blitt nøye overvaka av NVE. Geologar måler bevegelsane i fleire delar av fjellet og held auge med vêrvarslinga. Mange faktorar kan verke inn på farta til fjellpartiet, og dei må varsle så snart som råd når eit ras kan vere i emning.

Rasfare fra Mannen

RASFARE: Mange har prøvd å forklare og illustrere kva del av fjellet, og kor mykje som vil rase. NVE har mange teoriar basert på målingane sine, men dei understrekar at det ikkje er ein fasit.

Foto: Marco Vaglieri/ Bjørn Sandvik / NRK

Kommunen har ein beredskapsplan. Kvar gong NVE skrur farenivået opp på raudt blir dalen forandra. Toga får ikkje gå på Raumabanen, Sivilforsvaret kjem på plass og dei 11 som bur under det rasutsette partiet blir evakuert. Det blir også dyra.

Då NVE varsla om raudt farenivå på morgonkvisten, søndag 15. oktober blei Gunn Walstad Sogge og familien evakuert. Igjen.

Raudt farenivå er det NVE kallar ekstrem fare for ras.

På veg heim, etter mykje stress

– Vi håper at det kan roe seg no når vi kjem heim igjen. Det har vore nokre slitsame dagar, seier Walstad Sogge.

Det er ikkje første gong at dagane har vore slitsame. Det er femte gong på tre år at familien har blitt rykka ut av heimen sin. Blitt evakuert for å vere trygge frå eit ras som enno ikkje har komme.

– Det er stress. Mykje stress. Sjølv om vi har gjort det nokre gongar no, blir vi like stressa. Prøver å hugse på alt vi skal ha med oss og sørge for dyra våre. Vi blir slitne av det.

Gunn Walstad Sogge

VIL BU HEIME: Gunn Walstad Sogge, familien og naboane fekk flytte heim etter ei ny periode med ekstrem rasfare. Sogge seier dei har blitt meir utrygge, men at dei framleis vil bu på garden på Lyngheim.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– I tillegg er jo mannen min ofte langt vekke på jobb. Han må ta seg fri og komme heim i full fart. Vi skal jo helst ut så fort som mogleg.

I år hadde ein igjen håp om at fjellpartiet skulle rase, og at bebuarane ikkje lenger skulle ha det ustabile fjellpartiet hengande over seg. Slik gjekk det altså ikkje.

På tysdagskvelden, knappe tre døgn etter at NVE slo alarm, blei farenivået igjen nedjustert til gult. Moderat fare for ras. Det betyr at familien mest sannsynleg må gjennom dette på nytt.

Ny alarm. Ny evakuering. Nytt stress.

– Vi skulle så klart ønske at dette var over. Det er ei påkjenning å leve sånn, og vi kan ikkje sjå for oss å halde fram slik i årevis. Det tærer på heile livet vårt.

– Vi hadde håp om ei avklaring, men rekna med at det ikkje ville skje no heller. Så vi er førebudd på ei ny runde.

Garden har blitt turistattraksjon

Noko av det som plager bebuarane under fjellpartiet, er at privatlivet blir invadert. Det er ikkje ofte nokon av dei stiller til intervju, og dei har langt på veg blitt skjerma frå søkelyset.

Folk ser på Mannen i Rauma

STOR INTERESSE: Mange har fatta interesse for det rasfarlege fjellpartiet, men for dei som bur ved foten av fjellet kan det til tider opplevast som litt for mykje.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Kanskje ikkje eit overraskande ønske, når heimen din blir omringa av kamera, mikrofonar og journalistar minst ein gong i året.

Men fokuset har ikkje nødvendigvis stoppa når NVE skrur ned farenivået.

– Det har blitt eit veldig fokus på garden vår og plassen. Eg trur nok turistane vil komme i større mengder enn før.

Interessa for «Mannen» har vore stor. Turistar har stått i kø for å ta bilde av fjellet, og nokon kjem nok litt for nærme.

– I sommar opplevde vi at folk kom køyrande opp på garden, gjekk ut av bilen og tok bilde av både garden vår og fjellet.

Familien har sett opp eit skilt nede ved hovudvegen for å oppfordre folk til ikkje å køyre vidare opp mot eigedommen. Walstad Sogge trur det har hjelpt, men det stoppar ikkje alle.

Det er heller ikkje grunn til å tru at interessa for «Mannen» vil vere noko mindre neste gong NVE melder om ekstrem rasfare. Bebuarane hadde helst sett at situasjonen var avklart.

Vassbombing gav håp

Trua på ei avklaring var også stor hos mange. Spesielt etter at NVE varsla at dei ville pøse store mengder vatn inn i fjellrekkene for å få auke bevegelsane.

Arbeid med vanning på Veslemannen

PÅ TOPPEN: Vassprosjektet til NVE skulle få fart på fjellet. Frå ein døgnbemanna base på toppen av fjellet, har mannskapet pøsa vatn ned i sprekkane i fjellet så lenge bevegelsane har vore store nok.

Foto: NVE / NVE

– I starten tenkte vi det kunne vere ein god ide for å få ned fjellpartiet raskare. Samtidig har vi følt oss usikre på kor trygt det er, og om det kanskje vil utløyse eit større ras, forklarer Walstad Sogge.

På toppen av fjellet har NVE sett opp ein base som har vore døgnbemanna så lenge farenivået har vore raudt. Her står det tre store vasstankar som rommar 40 000 liter kvar. Desse tankane får kontinuerleg påfyll frå eit vatn.

Frå tankane går det lange slangar ned i sprekkane i fjellpartiet. Ideen er at når ein ser mykje naturleg bevegelse i fjellpartiet, skal NVE pøse store vassmengder ned i sprekkane for å provosere fram meir bevegelse og forhåpentlegvis eit ras.

– Vi har hatt nokre rundar med geologar og kommunen, så vi føler oss rimeleg trygge på at dei veit kva dei gjer. Vi må berre stole på dei.

Fjellet Mannen

FRYSEPUNKTET: Eit av problema med vasstilførsel i sprekkane i fjellet er temperaturen på toppen. Det blir fort kaldt, noko som gjer at vatnet frys i slangane dersom NVE ikkje klarer å halde ein kontinuerleg straum gjennom dei.

Foto: NVE

– Skulle ønske dei ikkje starta målingane

Walstad Sogge fortel at det var heilt greitt å leve utan å vite så mykje om bevegelsane i fjellet. Kanskje var det til og med betre enn det er i dag.

Det har vore mange ras og steinsprang frå fjellet tidlegare, men familien frykta aldri at det skulle nå bort til husa eller vere farleg for dei. Men det var før alt oppstyret.

No som situasjonen har blitt hausa opp, har det sett ein støkk i dei.

– Vi skulle av og til ønske at dei ikkje hadde sett i gang målingane. Vi trur fjellet vil komme ned av seg sjølv, stykkevis og delt.

Eg trur ikkje at det vil bli det samme som før, då vi fekk vere i fred og ro. Det er jo det vi vil vere her «på baksida», som vi kallar det

Gunn Walstad Sogge
NVE under Mannen

PÅ VEG HEIM: Gunn Walstad Sogge og representantar frå NVE blir intervjua i det massive dalføret. No er Sogge og familien igjen heime på garden, og der får dei bli. I alle fall til neste gong fjellpartiet tar fart.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK