Hopp til innhold

Feilringinga er tilbake

Lommeringinga var nesten heilt vekke. No har grep frå teleselskapa fått opp talet på feilringingar igjen.

Feilringing er tilbake. 15-åring med iphone i Storgata i Molde. Øreplugg.

FEILRING: Henrik Gjendemsjø (15) får stadig tapte anrop.

Foto: Remi Sagen / NRK

Har du merka at det har blitt lettare å feilringe? Eller at du får ubesvarte anrop utan å høyre eit einaste pip?

Eit enkelt feiltrykk på telefonen er no nok, sjølv om du stoppar samtalen etter eit nanosekund.

Det er utruleg irriterande, seier fleire NRK har snakka med.

– Veldig lett å kome borti

Lommeringing var særleg utbreidd i ungdomstida til mobiltelefonen, da Nokia med fysiske tastar regjerte.

Støtt kunne ein slumpe til å ringe folk medan telefonen låg i lomma – særleg dei med namn på A var utsette.

I 2008 svarte ein av fem under 30 år at dei hadde opplevd pinlege ting som følge av lommeringing.

Men med smarttelefonen blei styggedomen mindre utbreidd.

Fram til no.

– Den siste tida har eg følt at når eg tar fram mobilen er det anten nokon som har ringt meg, eller at eg har ringt nokre andre. For det er veldig lett å kome borti ein knapp, og da, seier Rikke Rønning (19).

Feilringing er tilbake. 19-årig jente med iphone og blomstrete deksel. Havneport og snokledde fjell i bakgrunnen.

Rikke Rønning har lommeringt fleire gongar i det siste.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kva tenker du om at teleselskapa har gjort det slik?

– Det er jo dumt, av og til.

Hugsar du tida før mobilar berre var ein svart firkant, men også var gul, flippa rundt og hadde eit heilt tastatur? 👇

Les også Fra fargerike klosser til blank touchskjerm

Mange ulike retro mobiltelefoner som ligger utover et bord.

– Gamle fingrar

15 år gamle Henrik Gjendemsjø slit med det same.

– Det skjer nokre gonger i månaden. Det er irriterande.

Gjendemsjø fortel at han pleier å sende melding når han har trykka feil oppkalling

15 år gamal gut i Storgata Molde, med øyreplugg.

Henrik Gjendemsjø har sjølv blitt ringt opp mange gongar – frå lommene til folk.

Foto: Remi Sagen / NRK

For Britt på 90 år er det enda verre.

– Eg kjem ofte borti feil tast, for eg har så gamle, tjukke fingrar.

– Pleier du å sende melding og seie at du har ringt feil, eller ventar du til folk ringer opp igjen?

– Nei, eg ventar til dei ringer opp igjen.

Feilringing er tilbake. 90-årig dame med iphone og solbriller. Fjell i bakgrunnen.

Britt på nitti slit med mange feiloppringingar. (Og held etternamnet for seg sjølv.)

Foto: Remi Sagen / NRK

Raskare i samtale

– Dette er nok rett og slett at teknologien har blitt betre, og det som heiter «oppkoblingstida» er blitt betydeleg kortare dei siste to åra, seier Ellen Scheen i Telia.

Dermed rekk dei færraste å avbryte anropet før det registrerast hos mottakar.

Kommunikasjonsrådgiver i TeliaSonera/NetCom, Ellen C. Scheen

Informasjonssjef Ellen C. Scheen i Telia.

Foto: LIN KVAERNHAUG

Skal ikkje teknologisk utvikling helst gjere ting betre og enklare for folk?

– Det er jo eigentleg positivt, at ein raskare blir kopla opp og raskare kjem i samtale.

– At ein sparar 1–2 sekund?

– Ja, me har eit inntrykk av at dei fleste ser på det som ønskeleg.

– Kva bygger de det på?

– Nei, me har ikkje empiri på det.

Kva synast du om at samtalar no blir kopla opp umiddelbart?

– Tener teleselskapa pengar på dette?

– Nei, det kostar jo ingenting å ringe lenger, no er det jo datapakkene ein betaler for.

– Kan de legge inn eit halvt sekund angrefrist da?

– Haha, eg trur ikkje det er ønskeleg, seier Scheen.

Marty Cooper med verdens første kommersielle håndholdte mobiltelefon. Han smiler og holder mobiltelefonen opp.

Mobilpioneren Marty Cooper med verdas første kommersielle handhalde mobil. Her var neppe lommeringing utbreidd.

Foto: AP

Telefonsvindel

På same tid finnast ein industri som spekulerer i tapte anrop. Såkalla «wangiri»-anrop gjer at mobilen ringer berre ein gong, helst frå eit utanlandsk nummer, før samtalen blir broten.

Tanken er at du skal ringe opp att – til det som kan vere eit nummer med skyhøg minuttpris, der kriminelle prøver å halde deg så lenge som mogleg på lina.

Svindlarar kan også bruke eller imitere norske nummer, med både åtte, ni og ti siffer etter landskoden. Er ikkje den senka terskelen for feilringing med på at folk ringer oftare tilbake?

– Me trur telefonkulturen har endra seg, og at folk er meir skeptiske til å ringe tilbake, særleg til ukjente utanlandske nummer, seier Ellen Sceen i Telia.

– Så kva tenker de om den store auka i feilringingar som de nok har bidratt til?

– Me ser ikkje at det er eit problem, men folk bør vere observante på at dei kjem kjappare i kontakt no. Så får du legge inn ein avstemming, så får me sjå kva folk synast om dette!

(Vil du bidra til denne høgst vitskaplege forskinga, er røystinga i avsnittet over.)