Helse Møre og Romsdal får truleg ny styreleiar

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug (69), har ikkje fått tilbod om å fortsette, ifølgje Romsdals Budstikke.

John Harry Kvalshaug

John Harry Kvalshaug har ifølgje rbnett.no ikkje fått tilbod om å fortsette som styreleiar for Helse Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kvalshaug han ha berre tre veker igjen som styreleiar. Etter det Romsdals Budstikke erfarer, ser Helse Midt-Norge i ein annan retning.

Valkomiteen legg fram sitt forslag torsdag, men ikkje før 28. april blir det nye styret offentleggjort.

I januar 2011 vurderte Helse Midt-Norge å hente inn leiar for Helse Møre og Romsdal utanfrå. Det same vert spekulert i no.

Økonomiske problem

Inntektssvikt, høge varekostnader og stort forbruk av vikarar har vore gjengangarar for Helse Møre og Romsdal.

Kvalshaug har tidlegare sagt til NRK at den økonomiske situasjonen i helseføretaket er svært alvorleg. Det vert òg ei utfordring for det nye styret som skal veljast.

– Det blir ei kjempestor utfordring å få budsjettet i hamn. Helseministeren slo fast at dårleg økonomi ikkje er grunn til å gjennomføre kutt. Det gjer det ekstra vanskeleg, kommenterte styreleiar John Harry Kvalshaug under budsjettsforhandlingane før nyttår.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.