Hopp til innhold

I dag skal dei kutte

Dei neste månadene blir avgjerande for om Helse Møre og Romsdal klarer å få skuta på rett kjøl. Per i dag manglar helseføretaket 160 millionar kroner.

Helse Møre og romsdal

Det er den største omstillingsprosessen i helseføretaket nokosinne.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Framføre styremøtet onsdag har direktøren skissert ei rekke effektiviseringstiltak, men er førebels ikkje i hamn. Alle forsøk på å få hovudet over vatnet hittil i 2013 har mislukkast. I 9.30-tida onsdag

Raude tal i november

Også i november er tala raude. Inntektssvikt, høge varekostnader og stort forbruk av vikarar har vore gjengangarar i løpet av året.

Det er først og fremst resultatkravet som er utfordrande: Helse Møre og Romsdal må skaffe seg eit overskot for å kunne investere i naudsynt medisinsk-teknisk utstyr. Den jobben har ikkje helseføretaket klart i 2013.

– Vi kan ikkje halde fram slik vi har gjort i 2013 for få orden på økonomien. Vi må berre innsjå at vi er nøydde til å gjere større grep, sa administrerande direktør Astrid Eidsvik til NRK i november.

Omfattande kutt

No må direktøren gå langt tøffare til verks for å få skuta på rett kjøl. På styremøtet onsdag legg Eidsvik fram ei omfattande liste over tiltak som skal gjere sjukehusa meir effektive. Denne lista tek høgde for litt over halvparten av innsparingskravet. Men framleis vil det mangle i overkant av 70 millionar kroner for å kome i hamn.

– Det blir ei kjempestor utfordring å få budsjettet i hamn. Helseministeren slo fast at dårleg økonomi ikkje er grunn til å gjennomføre kutt. Det gjer det ekstra vanskeleg, kommenterte styreleiar John Harry Kvalshaug.

Også brukarutvalet har uttrykt stor uro for kutta som vil kome.

Lite å gå på

Effekten av dei tiltaka som vert lagt fram på styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag, må kome raskt dersom dette skal ha noko truverd. Dei neste tre månadane vil fortelje om økonomien er komen på rett spor. Viss ikkje er det lite å gå på. Helse Midt-Norge har ikkje meir pengar, regjeringa har ikkje meir pengar, og helseministeren har gjort det klart at han ikkje vil godta at akutt- og fødetilbod blir samla på færre sjukehus så lenge dette skjer for å få endane til å møtast.

NRK Møre og Romsdal følgjer saka vidare.