Hopp til innhold

Maja (25) har vore sakna i eitt år: Ny leiting fredag

Eitt år etter at polske Maja Herner (25) blei meldt sakna i Ørsta er det framleis ingen spor etter ho. No vil Røde Kors sette i gang nye søk.

Stein Aam (Sp)

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp), seier at mange i bygda framleis er svært opptatt av kva som har skjedd med Maja Herner.

Foto: Remi Sagen / NRK

Torsdag melder avisa Møre-Nytt at Røde Kors vil gjennomføre nye søk etter Maja Herner fredag.

Ny leiting etter Maja Herner

Det er i dette området ein no vil leite etter Maja Herner i. Bildet er tatt frå Nivane og nedover mot Ørsta sentrum.

Foto: Arne Nedrebø Hadland/Jon Krosby / NRK Luftfoto

I gårsdagens avis fortalde Lars Egil Foldal at han hadde tipsa politiet om unormal ramneaktivitet aust for Skytjeåa på Engeset i Ørsta, og Røde Kors vil no undersøke dette området nærare.

– Eit mysterium

Det siste året har politi, frivillige og leitemannskap frå Røde Kors gjentatte gonger søkt etter Maja Herner i fjellet i Ørsta. Så langt har dei ikkje funne spor etter den sakna kvinna.

Maja Herner

Maja Herner har vore sakna sidan 21. november 2018. Ho hadde fortalt fleire kjenningar at ho tenkt seg ein tur «up to the mountains». Seinare same kveld blir ho meldt sakna.

Foto: Privat

– Det ligg som ei klam hand over bygda at vi ikkje greier å finne ut av dette. Det er eit mysterium for heile Ørsta-samfunnet. Folk grublar og spekulerer i kva som har skjedd, seier ordførar i sunnmørsbygda Stein Aam (Sp) til NRK.

Torsdag 21. november er det eitt år sidan Herner blei meldt sakna då ho ikkje møtte opp på jobb som avtalt. Den polske kvinna, som nyleg hadde flytta til Ørsta, skulle etter planen gå ein kort tur i retning fjellet Saudehornet. Sidan har ingen sett henne.

Saudehornet og Skåla i Ørsta

Saudehornet, Nivane og Skåla i Ørsta har for lengst fått eit snødekke. Det er i dette området det har blitt leita mest etter Herner i.

Foto: Benedicte Berknes

I september i år blei det kjent at Cold case-gruppa til Kripos skulle gå gjennom etterforskingsmaterialet i saka på nytt. Innspela deira kjem i ein rapport i slutten av november og Aam håper desse vil gi ei avklaring.

– Enten at det blir gjort funn eller at dei slår fast at ho ikkje er her. Vi forventar også at det kjem nokre klare svar og at vi får vite kva som skjer vidare. Politiet og Kripos held korta tett til brystet i denne saka, seier Aam.

Har framleis håp

Herner utgjer ein av totalt 1544 personar som er registrert i Kripos si oversikt over personar som er sakna i Noreg i dag.

Maja Herner og Paulina Kmiecik

Paulina Kmiecik (til venstre) og Maja Herner (til høgre) hadde kjent kvarandre i mange år. Ho synest framleis det er uverkeleg at Herner er borte, men har ikkje gitt opp håpet.

Foto: Privat

I Polen sit familien og venane til Herner igjen med mange spørsmål som dei enno ikkje har fått svar på. Bestevenninna, Paulina Kmiecik, fortel at det siste året har vore tøft.

– Det at vi ikkje veit noko meir i dag enn vi gjorde for eitt år sidan er vanskeleg. Det er merkeleg at ho berre kan forsvinne.

Men Kmiecik vektlegg at dei ikkje har gitt opp håpet.

– Vi som er venar og familien er sikre på at ho må vere ein anna plass enn i fjellet. Der har det blitt søkt fleire gonger, utan at dei har funne ho. Det gir oss håp om at Maja framleis kan vere i live, seier Kmiecik. Ho fortel også at dei har tett kontakt med det polske politiet om saka.

– Ikkje mistanke om noko kriminelt

I løpet av det siste året har det vore gjennomført ein rekke søk i området ved og rundt Saudehornet. Dette har skjedd både på bakken og med helikopter og drone. Politiet har også gått gjennom fleire tusen bilde som har blitt tatt av området. Likevel er det ingen spor etter Herner.

Leiteaksjon etter sakna Maja Herner i Ørsta

Det blei leita i fleire dagar etter at Maja Herner blei meldt sakna, utan at det gav resultat.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det har florert fleire teoriar om kva som kan ha skjedd med den sakna. Nokre av vennane hennar starta ein innsamlingsaksjon for å engasjere ein privatdetektiv. Men heller ikkje det har gitt resultat. Politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt, Yngve Skovly, vektlegg at det likevel ikkje er noko som tyder på at Herner har blitt utsett for noko kriminelt.

– Vi veit ikkje nøyaktig kvar ho hadde tenkt å gå og det er mange plassar som er vanskelege å kome til. Vi har søkt på stadar der det er sannsynleg at ho kan ha vore, men i og med at vi ikkje har funne ho, har vi også undersøkt mindre sannsynlege stadar. Vi har også sett på fleire hypotesar undervegs, som vi ikkje har fått støtte for.

– Vår teori er difor framleis at ho har forulykka i fjellet, seier politiinspektøren.

Yngve Skovly

Yngve Skovly seier at politiet sin teori framleis er at Herner kan vere i fjellområdet i nærleiken av Saudehornet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

Han fortel at dei no ventar på innspela frå Kripos før dei vurderer om dei skal sette i verk nye etterforskingsskritt.

– Vi meiner at vi hadde gjort det vesentlege av etterforsking før vi bad Kripos om bistand. Men vi skal sjå om det er ting som dei meiner at vi bør gå meir i djupna på, eller om det er nye personar som bør bli avhøyrt.

Dei kjem også til å gjennomføre nokre utdjupande avhøyr. Det var Sunnmørsposten som først omtalte dette.

– Dette blei bestemt allereie før Kripos kom inn i saka. Når vi gjennomgjekk saka såg vi at det var enkelte detaljar som vi kunne fått litt meir informasjon om, utan at det endrar vår teori av den grunn.

Skovly fortel vidare at dei jamleg har fått tips i saka, men at ingen av desse har resultert i nye spor.

Mysteriet Maja Herner

  • 21. november etter kl. 13.00
    Sender meldingar

    Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».

  • 21. november 2018 ca. kl. 12.35
    På butikken

    Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.

  • 21. november ca. kl. 14.30
    Starta turen

    Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.

  • 21. november kl. 18.30
    Leiteaksjon

    Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.

  • 21. november kl. 21.30
    Utvidar leiteaksjonen

    Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.

  • 22. november
    Leitinga held fram

    Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.

  • 23. november
    Endå fleire deltek

    Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.

  • 24. november, om ettermiddagen
    Sperra av området

    Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.

  • 25. november ca. kl. 14.00
    Tek bilete frå helikopter

    Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.

  • 25. november, ca. 17.30
    Avsluttar aksjonen

    Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.

  • 26. november
    Går gjennom bileta

    Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.

  • 28. november
    Leitar igjen

    Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.

  • 29. november
    Drone

    Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.

  • 3. desember
    Open for alle teoriar

    Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.

  • 5. desember
    Rykte og spekulasjonar

    Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.

  • 6. desember
    Usikkert kor høgt i fjellet

    Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

  • 12. desember
    Veret hindrar nye søk

    Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.

  • 28. desember
    Polsk detektivbyrå

    NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.

  • Nyttårshelga 2019
    Nytt søk

    Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.

  • 8. januar
    Ber om observasjonar

    Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.

  • 10. januar
    Nye søk

    To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.

  • 21. januar
    Redde for å gå tur

    Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.

  • 18. februar
    Stillstand

    Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.

  • 24. mai
    Har lagt planen

    Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.

  • 16. juli
    Ventar framleis

    Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.

  • 15. august
    Starta søk med drone

    Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.

  • 22. september
    Nye helikoptersøk

    Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.

  • 26.september
    Får hjelp av Kripos

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført. 

  • 21. november 2019
    Sakna i eitt år

    Maja Herner har vore sakna i eitt år.

  • 22. november
    Nytt søk

    Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL