Nye søk etter Maja Herner – ber publikum melde inn observasjonar av ørn og ramn

Politiet gjorde nye søk i fjellet etter den polske kvinna som er sakna på Sunnmøre. Heller ikkje denne gongen gav leitinga resultat, men dei gir ikkje opp.

Maja Herner

FRAMLEIS SAKNA: Maja Herner har vore sakna heilt sidan 21. november. I nyttårshelga har det blitt gjort nye søk etter den polske kvinna. Biletet er frå leiteaksjonen i november.

Foto: ROAR STRØM, NRK/PRIVAT

21. november vart 25 år gamle Maja Herner meldt sakna i Ørsta, berre ti dagar etter at ho kom til Norge for å jobbe.

Guttorm Hagen

Guttorm Hagen, lensmann på Indre Sunnmøre.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Politiet trur Herner er omkomen og er i fjellet, men ho er framleis ikkje funnen.

I nyttårshelga vart det gjort nye søk ved foten av Vallahornet.

– Vi gjorde søka etter tips frå publikum som hadde gjort observasjon av ramn nær bakken. Det var eit punkt om lag 300–400 meter over havet. Politipatruljen kom seg dit via ein skogsveg, men det vart ikkje gjort funn, seier Guttorm Hagen, lensmann på Indre Sunnmøre.

Ber om tips

Etter fire dagar med intens leiting vart leiteaksjonen etter Maja Herner trappa ned søndag 25. søndag. Det skjedde samtidig som politiet endra status på søket til at Herner sannsynlegvis er omkomen.

Sidan har det grunna snø og dårleg ver vore vanskeleg å gjere nye søk i området. Men Guttorm Hagen opnar for at dei gjer nye søk på visse punkt etter tips frå publikum.

– Vi ber om at publikum som ser ramn eller ørn nær bakken i fjellområdet tek kontakt. Deretter vurderer vi nye søk dersom det er mogleg, seier Hagen, som først kom med oppmodinga i Sunnmørsposten.

Saudehornet

Politiet gjorde det siste søket ved foten av Vallahornet, som vi ser midt i biletet. Bak ligg Saudehornet, som Maja Herner kan ha hatt som mål for turen sin på forsvinningsdagen.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Ventar med større søk

Men større søk i fjellet trur ikkje lensmannen blir mogleg før til våren.

Politiet har gått gjennom eit stort biletemateriale, der dei har interessante funn dei vil følgje opp – utan at dei har kunne sagt konkret kva dei har funne.

– Basert på eit omfattande materiale er det område som bør søkast igjen. Vi førebur ein større leiteaksjon når snøen forsvinn. Men det kan fort bli både mai og juni før han forsvinn. Akkurat no er det på hardaste vinteren, seier Guttorm Hagen.

Ifølgje lensmannen er det mange som brukar fjellområdet til skigåing på ettervinteren. Også då kan det vere håp om at det kjem inn interessante tips.

Saudehornet ligg 1303 meter over bakken i Ørsta på Sunnmøre. Politiet meiner at Maja Herner har vore høgt oppe i fjellet i denne retninga, men dei veit ikkje kor høgt. Maja Herner skal ha parkert i Vikegeila, der turvegen startar.

Observasjon på butikk

Det er aktivitet på mobiltelefonen til Maja Herner som gjer at politiet meiner den polske kvinna er i fjellet.

På forsvinningsdagen sende ho meldingar til fleire kjende om at ho skulle «up to the mountains». Men den siste sikre observasjonen av ho vart gjort på ein daglegvarebutikk.

Forsvinningssaka har ført til eit enorm engasjement i Ørsta. Ordførar Stein Aam har sagt at saka heng tungt over både han og heile bygda.

Eit polsk detektivbyrå har sett på alternative teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner, men dei samarbeider ikkje med politiet i Norge.

Mysteriet Maja Herner

  • 21. november etter kl. 13.00
    Sender meldingar

    Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».

  • 21. november 2018 ca. kl. 12.35
    På butikken

    Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.

  • 21. november ca. kl. 14.30
    Starta turen

    Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.

  • 21. november kl. 18.30
    Leiteaksjon

    Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.

  • 21. november kl. 21.30
    Utvidar leiteaksjonen

    Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.

  • 22. november
    Leitinga held fram

    Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.

  • 23. november
    Endå fleire deltek

    Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.

  • 24. november, om ettermiddagen
    Sperra av området

    Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.

  • 25. november ca. kl. 14.00
    Tek bilete frå helikopter

    Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.

  • 25. november, ca. 17.30
    Avsluttar aksjonen

    Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.

  • 26. november
    Går gjennom bileta

    Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.

  • 28. november
    Leitar igjen

    Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.

  • 29. november
    Drone

    Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.

  • 3. desember
    Open for alle teoriar

    Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.

  • 5. desember
    Rykte og spekulasjonar

    Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.

  • 6. desember
    Usikkert kor høgt i fjellet

    Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

  • 12. desember
    Veret hindrar nye søk

    Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.

  • 28. desember
    Polsk detektivbyrå

    NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.

  • Nyttårshelga 2019
    Nytt søk

    Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.

  • 8. januar
    Ber om observasjonar

    Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.

  • 10. januar
    Nye søk

    To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.

  • 21. januar
    Redde for å gå tur

    Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.

  • 18. februar
    Stillstand

    Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.

  • 24. mai
    Har lagt planen

    Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.

  • 16. juli
    Ventar framleis

    Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.

  • 15. august
    Starta søk med drone

    Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.

  • 22. september
    Nye helikoptersøk

    Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.

  • 26.september
    Får hjelp av Kripos

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført. 

  • 21. november 2019
    Sakna i eitt år

    Maja Herner har vore sakna i eitt år.

  • 22. november
    Nytt søk

    Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.