Hopp til innhold

Nynorskstipend til matbloggar frå Ørsta

Anita Stokke Blomvik frå Ørsta får nynorskstipend frå Noregs Mållag for matbloggen kvardagsmat.no.

Anita Stokke Blomvik

Anita Stokke Blomvik frå Ørsta er kvinna bak den populære bloggen kvardagsmat.no.

Foto: Bård Nilsen

Matbloggen er ein av få på nynorsk. Stokke Blomvik har også nærare 50.000 følgjarar p\å Facebook-sida si, Heimelaga – men enkelt.

– Mållaget meiner bloggen til Anita Stokke Blomvik er eit godt bidrag til meir nynorsk i kvardagen både for nynorsk- og bokmålsbrukarar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Utvikle nettstaden sin

Med stipendet på 50.000 kroner vil ho saman med eit digitalt byrå arbeide med å utvikle nettsidene, slik at matbloggen vert meir tilgjengeleg i søkjemotorar.

Dei fleste som søkjer etter oppskrifter på nettet, gjer det på bokmål. Stokke Blomvik fekk prisen under landsmøtet til Noregs Mållag denne helga.

– Tidlegare i dag såg over 1000 menneske meg ta flyet frå Hovden, og dei lurar nok fælt på kva som hender vidare. Kan de hjelpa meg, spurte Anita Stokke Blomvik møtelyden. Ho spelte inn video på Snapchat og fortalde om stipendet med ein jublande møtelyd i bakgrunnen.

Noregs Mållag deler ut to slike stipend kvart år. Stipenda var ei gåve frå Kulturdepartementet ved 100-årsjubileet til mållaget i 2006.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL