Hopp til innhold

Ho er ei av få som bloggar på nynorsk

24-åringen bak bloggen «hjartesmil» skriv nynorsk, men vil ikkje bli kalla nynorskbloggar av den grunn. Norsk Målungdom meiner det har stor verdi for unge å møte denne målforma også i bloggverda.

Mariell Øyre

NYNORSK I FINGRANE: For Mariell Øyre (24) er det heilt naturleg å blogge på nynorsk. For andre fell det ikkje like naturleg, sjølv om dei bur midt i nynorskland.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er jo berre ein blogg på nynorsk. Ein del av livet mitt. Eg skriv ikkje blogg fordi eg skriv på nynorsk, seier Mariell Øyre.

24-åringen frå Øvre Årdal starta med blogging på ein liten hybel på Sandane då ho gjekk på Firda Vidaregåande skule. Det var på denne tida at blogging begynte å ta av i Norge, fortel ho.

Ein kan gjere det bra sjølv om ein brukar nynorsk i den bokmålsdominerte bloggverda.

Mariell Øyre, hjartesmil.com

– Eg fann så utruleg mykje fint på internett som eg hadde lyst til å samle og vise til andre. Så har det berre utvikla seg vidare, fortel Mariell.

No handlar den nynorske bloggen hjartesmil.com om både livet hennar, inspirasjon og storbyen London, som er blitt heimen hennar. Og det er ved hjelp av dei nynorske orda ho formidlar innhaldet til lesarane.

Saumlaus del av bloggen

Mariell Øyre bloggar

SKRIVEKROK: Mariell Øyre skriv i dag bloggen sin frå London. Her redigerer ho bileta tok i eit bryllaup som bryllaupsfotograf.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Nynorsken var ikkje viktig til å begynne med, då var den berre språket mitt. Men etter kvart har det blitt viktigare og viktigare for å vere eit førebilete for andre og for vise at det faktisk går an, fortel ho.

– Eg håpar å vise at ein kan gjere det bra sjølv om ein brukar nynorsk i den bokmålsdominerte bloggverda.

Samstundes vil ho ikkje at nynorsken skal vere eit poeng i seg sjølv, men som ein saumlaus del av bloggen.

Fleire lesarar med bokmål

I ein annan kant av nynorskfylket Sogn og Fjordane, nærare bestemt i Førde, bur Kristine Ullebø på 17 år. Ho har blogga sidan 2009 og har konsekvent valt å bruke bokmål i sin blogg, krisssy.blogg.no.

– Eg tykkjer det er enklare å skrive korrekt bokmål, enn korrekt nynorsk. Sjølv om eg brukar nynorsk i mi daglegtale og trivast med det, så tykkjer eg likevel bokmål er enklare å formulere seg med. Den korrekte skrivemåten for nynorsk er så ulik frå korleis eg pratar, seier Ullebø.

Ho trur at det å bruke bokmål på bloggen sin gir ho fleire lesarar.

– Det er ikkje til å legge skjul på at mange tykkjer det er vanskeleg å lese nynorsk, det tykkjer eg sjølv òg. Eg hugsar eg skreiv eit innlegg på nynorsk ein gong, og då fekk eg mange kommentarar om at det var tungt å lese. Ikkje veit eg, men eg trur eg kanskje hadde mista litt lesarar dersom eg ikkje skreiv bokmål, fortel ho.

Eg hugsar eg skreiv eit innlegg på nynorsk ein gong, og då fekk eg mange kommentarar om at det var tungt å lese.

Kristine Ullebø

Men Kristine Ullebø seier ho er stolt over dialekta si som ligg nært opp til det nynorske skriftspråket.

– Eg tykkjer faktisk bokmål er skikkeleg flatt og kjedeleg å høyre på, medan nynorsk klinger så mykje meir med dei fine tonefalla, men på bloggen min føretrekkjer eg bokmål fordi det rett og slett er meir praktisk for meg, i tillegg får eg fleire tilhengjarar.

Kristine Ullebø

VEL BOKMÅL: Ved å skrive på bokmål trur Kristine Ullebø ho får fleire lesarar.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Det normale og nøytrale

Kristofer Olai Ravn Stavseng

TA EIT VAL: Kristofer Ravn Stavseng i Norsk Målungdom oppmodar bloggarar til å ta eit bevisst språkleg val.

Foto: Odin Hørthe Omdal / NMU

Nestleiar i Norsk Målungdom Kristofer Olai Ravn Stavseng meiner det må vere opp til den enkelte bloggar kva målform dei vel å bruke.

– Hjartesmil er eit godt føredøme på ein bloggar som brukar nynorsk. Det er kjempeviktig at unge nynorske brukarar kan bli møtt med sitt språk på dei plattformene dei brukar, seier han.

Ravn Stavseng meiner det er ingen grunn til å tru at ein nynorsk blogg vert teke i mot med negativitet. – Også bokmålsbrukarar kan setje pris på ein nynorsk blogg, seier han.

Han oppmodar bloggarar til å ta eit bevisst val og ikkje la språket bli tilfeldig.

Også bokmålsbrukarar kan setje pris på ein nynorsk blogg.

Kristofer Olai Ravn Stavseng, nestleiar Norsk Målungdom

– Det kan hende at ein har ei førestilling om at bokmål passar best til blogg. Det er nok ein ubevisst tankegang som oppstår. Nynorsk er eit mindretalsspråk her vi lever i eit bokmålssamfunn. Bokmål blir kanskje også sett på som det normale og nøytrale også blant nynorskbrukarar, og dei ser ikkje at sitt eige språk kan passe på lik linje.

Går over til bokmål på nett

Hege Myklebust

MANGE SKIFTAR: Hege Myklebust har sett på språkbruken til unge på nett. Mange nynorskbrukarar skiftar til bokmål.

Foto: Noregs Mållag

Hege Myklebust er Høgskulelektor på Stord/Haugesund Høgskole. Ho held på med ein doktorgrad som handlar om argumenterande skriving. Som ein del av den har ho sett på kva språkval ungdomar gjer når dei skriv på nett. Undersøkinga vart utført i ein klasse på vidaregåande skule. Alle her har nynorsk som hovudmål.

– Om lag halvparten av elevane vel å gå over til bokmål, når dei skal skrive på nettet. På skulen brukar dei nynorsk, men på plattformer der alle kan lese går dei over til bokmål, seier ho.

Ungdomane sjølv seier at om dei skriv nynorsk får dei kommentarar på korleis dei skriv i staden for kva dei skriv.

– For å unngå det, så skriv dei bokmål. Då skil dei seg ikkje ut språkleg.

Dei som vel å likevel skrive nynorsk på nettet, tykkjer det er viktig at nynorsk vert sett og at deira stemme er nynorsk. Mange vel òg å skrive eit dialektnært språk som er meir munnleg, forklarar Myklebust.