NRK Meny
Normal

Nynorsk barnelitteraturpris til Marit Kaldhol

Marit Kaldhol frå Ålesund skreiv fjorårets beste barnebok på nynorsk. Det meiner Noregs Mållag som i dag gav ho prisen for boka «Zweet».

Marit Kaldhol

Marit Kaldhol fekk i dag Nynorsk barnelitteraturpris for boka «Zweet».

Foto: Øyvind Eide

Kaldhol tok imot prisen under opninga av landsmøtet i Noregs Mållag i Bergen i dag.

– Juryen gjev forfattaren honnør for høge ambisjonar på vegner av ungdomslesaren. Forfattaren fullfører den litterære ideen sin på ein kompromisslaus måte.

– Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over livet og verda ligg i botn av boka, skriv juryen i grunngjevinga.

Forfattaren frå Ålesund har tidlegare vunne fleire prisar. Ho har blant anna vunne Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok for novellesamlinga «Kino» og romanen «Søkeord: Ayotzintli».

Stimulerer til refleksjon og ettertanke

I grunngjevinga frå juryen blir det lagt vekt på at Kaldhol er ein allsidig forfattar med både diktsamlingar, romanar og novellesamlingar i forfattarskapen.

Marit Kaldhol

Marit Kaldhol har tidlegare vunne Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok for novellesamlinga «Kino» og romanen «Søkeord: Ayotzintli».

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Vinnarboka er ein ungdomsroman om å vera annleis og utanfor, om identitet, om bier og mangfaldet både i naturen og blant menneska.

– Ein underliggjande tematikk er toleranse og ansvaret me har for kvarandre som medmenneske og verda me lever i, står det.

Juryen meiner at boka «Zweet» skil seg ut som ungdomsroman både gjennom innhaldet og forma.

Ifølgje dei utfordrar boka lesaren, synleggjer ein ganske brutal røyndom og stimulerer til refleksjon og ettertanke.

– Boka er velkomponert med perspektivskifte og røyster som utfyller kvarandre samstundes som intensiteten i handlinga vert halden oppe. Eit anna særtrekk er dei korte tekstane med knappe og biletrike overskrifter på starten og slutten, ofte avslutta med korte Wikipedia-liknande oppslag der ord og omgrep vert forklara. Dette grepet både lettar og utdjupar lesinga.

– Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over livet og verda ligg i botn av boka, skriv dei i grunngjevinga.