Hopp til innhold

Nyhamna er framleis utan reserveløysing

Kraftforsyninga til fylket er kraftig betra etter at kraftlina frå Sogndal til Ørskog sto ferdig før jul, men gassanlegget på Nyhamna i Aukra står framleis utan reserveløysing.

Behovet for sikker straumforsyning blir berre større på Nyhamna

Behovet for sikker straumforsyning blir berre større på Nyhamna.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er avhengig av trygg straumforsyning, for vår langsiktige satsing på Nyhamna inneber god og trygg forsyning av naturgass til Europa, seier Ola Nestaas i Gassco.

Han meiner vi må vere budde på meir uver, og meir skade på linjer og trafostasjonar, og at ein difor må kunne vente at tosidig forsyning til eit slikt anlegg.

No leverer Nyhamna gass til Storbritania, og det neste blir frå Aasta Hansteen-feltet.

– Som ein eksportør av naturgass må vi levere kvar dag, ja kvar time, seier Nestaas.

Ola Nestaas

Ola Nestaas i Gassco

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Konsekvensen viss ein ikkje gjer det er at kundane går til andre leverandørar. Og reserven Nyhamna har i dag er frå Istad sitt nett, og det held ikkje lenge for dei seks transformatorane som no blir på Aukra.

– Den reserven er berre til ein transformator, og det er som å gå på tomgang. Då blir det stor ståhei, i første rekke hos britane.

Ventar på ei avgjerd - og ei utbygging

– Status er at NVE har kome med si tilråding, og så ventar vi på ei avgjerd om reservekraft frå OID, seier Gerhard Eidså, som er distriktssjef i Kraftforsyningens beredskap i Møre og Romsdal.

Gerhard Eidså

Gerhard Eidså hadde håpt på ei avgjerd før jul.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han peiker på at ein så stor og viktig industrikunde som Nyhmana blir ramma hardt viss det blir utfall på linja. Han ser for seg ei trinnvis utbygging som gradvis vil gi ei fullverdig reserveforsyning heilt fram til Nyhamna.

– Vi hadde håp om ei avgjerd før jul, så no håpar eg på fortgang, slik at Statnett kan byrje å planlegge korleis dei skal eteblere ei reserveforsyning til Nyhamna.

– No hastar det

– Vi har purra på departementet for å få ei avgjerd, men utan å høyre noko, seier fylkesordførar Jon Aasen frå Arbeidarpartiet.

Han trur skifte av statsråd kan ha medverka til at det har tatt noko meir tid.

– Men no hastar det verkeleg å få avklart når og kvar ei ekstralinje skal kome fram til Nyhamna. For den utvidinga som er pågang der no inneber at Nyhamna må få meir straum. Det nettet som ligg der i dag kan ikkje levere viss linja mot Sunndalsøra skulle dette ut på grunn av snøras eller kva det skulle vere.

Nyhamna treng stabil straumtilførsel

Nyhamna treng stabil tilførsel av straum.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK