Hopp til innhold

No skal posisjonane fordelast

Det vert spenning til siste stund. Kanskje blir valresultatet ikkje klart før i morgon. Men tautrekkinga med fordeling av politiske posisjonar på fylkesplan har alt starta.

Oddbjørn Vatne, Jon Aasen, Else May Botn

Arbeidarpartiets Jon Aasen og Else May Botten har teke seg ein sving bortom Senterpartiets Oddbjørn Vatne. Kanskje handlar det om posisjonar på fylkesplan.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Jon Aasen Else May Botten

Jon Aasen og Else May Botten i Arbeidarpartiet i intern rådslag om posisjonar og samarbeid.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK
Frank Sve

Ved midnatt var ikkje Framstegspartiet og Frank Sve blant dei som var mest innblanda i forhandlingane om verv.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK
Sunnmørslista

Sunnmørslista følgjer spent med. På dette tidspunktet er dei på vippen.

Foto: Terje Reite / NRK
Harald T. Nesvik, Frank Sve, Oskar Grimstad

Harald T.Nesvik, Frank Sve og Oskar Grimstad, Framstegspartiet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

I lokala til NRK Møre og Romsdal er det no hektisk politisik aktivitet. I den eine augneblinken kan vi sjå representantar for nokre parti ha interne rådslag. I den neste augneblinken kan vi sjå representantar frå forskjellige parti snakke tett saman.

– Dette luktar det fugl av, seier Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat Jon Aasen.

På dette tidspunktet skottar Arbeidarpartiet i stor grad i retning av Sunnmørslista. Representantane frå Sunnmørslista på si side samlar seg på dette tidspunktet kring datamaskinen, og finreknar på mandat.

Akkurat no er det vel eit SV-mandat som ligg tynt an, seier Hans Kjetil Knudsen i Sunnmørslista like ved midnatt.

Like bak TV-kamera møter vi Venstres Gunn Berit Gjerde og Senterpartiets Oddbjørn Vatne.

– Dette er spennande. Vi vil gjerne ha minst eitt mandat til. Kanskje må vi vente heilt til i morgon før vi veit kvar vi hamnar, seier Gunn Berit Gjerde.

Sunnmørslista ser ut til å bli tunga på vektskåla. Men før resultata frå Ålesund er klar, vil ikkje Randi Asbjørnsen i Sunnmørslista seie noko om kva blokk dei vil satse på.

Vi må vente på resultata. Vi har gjort eit godt val, og vi ligg godt an sjølv utan resultata frå Ålesund og Sula, som er viktig veljarområde for Sunnmørslista. Når resultata er klare skal det forhandlast, seier Randi Asbjørnsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL