Hopp til innhold

- Godt å få tid til å sørge

Torhild Tønnesen Haugnes og kjærasten Fredric Holen Bjørdal var begge på Utøya 22. juli. Likevel klarte dei å drive valkamp. – Men det var godt med valkampkarantene, seier Tønnesen Haugenes.

AUF Val 2011

Torhild Tønnesen Haugnes og Fredric Holen Bjørdal på NRK Møre og Romsdals valvake.

Foto: NRK

Det har vore ei tøff tid for AUF-arane etter 22. juli. Men den grufulle massakren har ført til eit sterkare politisk engasjement, meiner dei.

Indre mobilisering

– Etter Utøya var det ei veldig indre mobilisering for å få opp igjen motet, samle troppane og gå ut i valkamp, seier Torhild Tønnesen Haugnes som er fylkesleiar i AUF Møre og Romsdal.

Les også: Kjærestepar hjemme fra Utøya: -Den tøffeste perioden nå

– Men eg kjenner at det var godt å få valkampkarantenen, der vi fekk tid til å sørgje over dei vi har mista og bruke tid på oss sjølve.

Sjå intervjuet med Torhild Tønnesen Haugnes og Fredric Holen Bjørdal:

Video Spente på tida som no kjem

– Krevjande

Fredric Holen Bjørdal seier det var krevjande å tenke valkamp.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal trur mange AUF-arar har hatt ekstra stor glede av å drive valkamp i år.

Foto: NRK

– Eg tenkte vel ikkje dei første dagane etter 22. juli at no skal eg ut og drive valkamp. Men etter kvart som tida har gått opplever eg at valkamp er noko av det mest meiningsfulle eg kan drive med akkurat no, seier Holen Bjørdal.

Han sit i sentralstyret til AUF og er på 4. plass for Ørsta Arbeidarparti.

LES OGSÅ:

Gruer seg til valkampen er over

Torhild Tønnesen Haugnes

Torhild Tønnesen Haugnes er leiar i AUF Møre og Romsdal.

Foto: NRK

– De har stått på for Arbeidarpartiet. Hjelp det?

– Ja, det gjer eigentleg det. Eg høyrer fleire AUF-arar som seier dei nesten gruer seg til valkampen er ferdig, seier Tønnesen Haugnes.

– No har vi fått halde på med ting vi er glad i. Vi har hatt ting å gjere. Det trur eg veldig mange set stor pris på.

– Ville demokratiet til livs

Torhild Tønnesen Haugnes håper ungdommen er blitt meir engasjerte denne valkampen.

– Motivasjonen bak det som skjedde 22. juli var jo at ein mann ville demokratiet til livs. Då må jo vise at han tar feil. Difor har AUF oppmoda ungdom om å bruke stemmeretten sin, og det håper vi dei har gjort, seier AUF-leiaren i Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL