Hopp til innhold

- Helseministeren gjorde det lettare

I Kristiansund blir det no spekulert på om Arbeidarpartiet kan få reint fleirtal. Sjukehussaka kan ha ført til at Arbeidarpartiet får både bukta og begge endane i Kristiansund.

Per Kristian Øyen

Per Kristian Øyen meiner sjukehussaka har medverka til eit godt resultat for Arbeidarpartiet i Kristiansund.

Foto: NRK

Ein smilande Arbeidarparti-ordførar, Per Kristian Øyen, ventar spent på valresultatet. Blir det reint fleirtal for Arbeidarpartiet får han også med seg Line Hoem som varaordførar.

Han er sikker på at måten regjeringa og Arbeidarpartiet har handtert sjukehussaka på, fører til eit godt resultat for Arbeidarpartiet i nordmørsbyen.

Har helseministeren gjort valkampen til ein leik for Arbeidarpartiet i Kristiansund?

Nei, helseministeren har ikkje gjort valkampen til nokon leik for oss i Kristiansund. Men ho har gjort det mykje enklare for oss. Eg er overtydd om at valresultatet blir bra for Arbeidarpartiet fordi vi har hatt ei sjukehussak som vi er nøgde med, seier ordførar Per Kristian Øyen (AP).

Video Spenning før valet i Kristiansund

I Kristiansund kan det gå mot reint fleirtal for Arbeidarpartiet.

– Ungdom stemmer Ap i større grad

AUF i Kristiansund hadde fleire representantar på Utøya 22. juli. På listene til Arbeidarpartiet står det også ei rekkje ungdomskandidatar. Hendinga kan ha medverka til auka engasjement for ungdommen i Kristiansund.

Line Hoem

Line Hoem trur mange ungdommar har vald Arbeidarpartiet i år.

Foto: NRK

– Vi har gjort gode val tidlegare, og gjer det enda betre i år. Vi har gjort ein god jobb dei fire åra vi har styrt. Vi har stø kurs på økonomien, og vi har berga sjukehuset, seier varaordførarkandidat Line Hoem.

– I tillegg trur eg mange er blitt meir opptekne av demokratiet enn før. Dette gjeld kanskje spesielt ungdom. Arbeidarpartiet i Kristiansund har kanskje den mest salbare lista med tanke på at vi har mange ungdomskandidatar. Eg trur at ekstra mange ungdommar vel å stemme, og at dei då stemmer på Arbeidarpartiet, seier Line Hoem.

– Vanskeleg for AP i Molde

I nabobyen Molde kan sjukehusstriden ha slått ut stikk motsett. Molde står i fare for å misse sjukehuset sitt, til fordel for eit nytt sjukehus mellom Molde og Kristiansund.

Video 040f056e-b4c9-424d-8c84-5ee494a6116f.jpg

Sidsel Rykhus seier at det har vore eit vanskeleg år for Arbeidarpartiet i Molde.

Rundt juletider var Arbeidarpartiet nede i ein oppslutnad på 5–6 % i Molde. Då låg det an til eit katastrofeval for Arbeidarpartiet. Folk reagerte på at sjukehuset dei var blitt lovd fekk utsett byggestart, og det blei starta ein prosess for å etablere eit felles sjukehus for Kristiansund og Molde, ikkje langt frå Kristiansund.

Det har vore eit forferdeleg tøft år for Molde Arbeidarparti. Det har vore oppturar og nedturar. Arbeidarpartiet sentralt har vore uklare i sjukehussaka. Byggjestart på sjukehuset er utsett og det er sett i verk nye utgreiingar. Det har framstått som særs uklart for oss, seier Sidsel Rykhus, Ap.

Spørsmålet no er om Arbeidarpartiet klarer å hente inn noko av det dei har tapt i vinter. Meiningsmålingane tyder på at Høgre er i ferd med å gjere eit godt val i Molde. Også Venstre og Framstegspartiet ligg an til å gjere gode val i Molde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL