Hopp til innhold

Brakval for Senterpartiet i Rindal

Senterpartiet får reint fleirtal i Rindal. Etter at alle stemmene er talt opp, har Senterpartiet fått 58,4 prosent av stemmene.

Ola T. Heggem

Ola T. Heggem kjem heim og blir ordførar i Rindal, etter eit brakval for Senterpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er «gamleordførar» Ola T. Heggem som vender tilbake til Rindal, som Senterpartiet sin ordførarkandidat. Heggem har sidan 2005 vore statssekretær i Landbruksdepartementet. No blir han ordførar i heimkommunen.

– Eg hadde ikkje venta så store tal. Eg må vedgå at eg har hatt ei god kjensle. Eg legg ikkje skjul på det. Men vi går liksom ikkje rundt og reknar med at vi skal få nesten 60 prosent av stemmene, seier Ola T. Heggem.

Det er vel heimkomsten til gamleordføraren som har ført til dette?

– Nei, det er kanskje slik at personvalet har vore ein del av dette. Men eg meiner det er politikken, seier Ola T. Heggem beskjedent.

Kva skal du bruke dette resultatet til no?

– Det er krevjande å sitje med reint fleirtal. Eg har prøvd det før. Eg veit at det er krevjande. Då må vi også ta ansvar for det som skjer. Men vi har av klokskap ikkje gått ut med lovnader i aust og vest. Vi har ikkje kjøpt veljarar på vegner av kommunebudsjettet, seier Heggem.

De har eit resultat der de kan køyre over opposisjonen om de vil. Kjem det til å skje?

– Nei, vi har hatt eit godt forhold til dei andre partia, også når vi har hatt fleirtal tidlegare. Det er vi absolutt interesserte i denne gongen også, seier Heggem.

– Kva saker vil du løyse med den makta du har fått no?

– Vi er fullstendig klar over at det ikkje kjem meir pengar til Rindal fordi om eg blir ordførar. Her må vi prioritere innan dei rammene vi har. Der er nokre forhold innan langtidsbudsjettet som bekymrar meg. Der er nokre stillingar som er fjerna. Vi kjem til å gripe tak i dette og prøve å gjere tenestetilbodet så godt som mogleg, seier Heggem.

– Det blir altså ingen store alpinanlegg eller nytt badeland i Rindal?

– He-he. Dei det har vi ikkje lovd heller. Så det blir det definitivt ikkje. Men vi skal fullføre utbygginga vi har starta innan omsorg. Og vi skal definitivt gjere noko med bustadsida. Noverande ordførar har gjort ein god jobb og sett i gang eit omfattande planarbeid, og vi skal definitivt få på plass eit betre bustadtilbod i Rindal, seier Ola T. Heggem.