NRK Meny
Normal

No har Jelena også fått «Rønes-bunad»

Mange sjåarar har venta på at Severins kjærast, Jelena Aurora Mensah, skulle dukke opp på skjermen igjen. I kveld kjem ho og Severin har kjøpt eit heilt spesielt antrekk til henne.

Jelena Aurora Mensah

Jelena Aurora Mensah slapp å kysse ein breiflabb for å finne draumeprinsen. Kjærasten Severein sørger for at Jelena held seg varm og har kjøpt same termodress til henne, som han har sjølv.

Foto: privat

Torsdag er det tredje episode av Severin på den veglause garden på Røneset. I førre sesong fekk einebuaren seg kjærast og endeleg får sjåarane treffe att Jelena Aurora Mensah. Og ho skal ikkje fryse. Severin har nemleg kjøpt termodress til henne, som er akkurat lik sin eigen.

Jelena Aurora Mensah

Jelena Aurora er glad i å vere på sjøen.

Foto: privat

– Dette er akkurat som å gå i like grilldressar, smiler Jelena Aurora, der ho sit i naustet og strikkar medan ho ventar på at Severin skal bli klar til å dra på fisketur.

Severin har aldri tenkt på det på den måten. For han er termodress, tjukkegenser og høge slagstøvlar Rønes-bunaden. Dette har han på seg kvar dag når han er på den veglause garden.

– Det er ganske artig at Severin kjøpte likeins termodress. Vi matchar ganske ofte, med like luer og boblejakker. Det er berre gøy, seier Jelena Aurora.

Er byjente i vekedagane

Severin Rønes og Jelena Aurora Mensah

Jelena Aurora bur i Ålesund i vekedagane og av og til får ho besøk av Severin.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Etter at dei to vart eit par, er Jelena på garden så ofte ho kan. Ho jobbar som fagleiar for kultur i Ålesund i vekedagane, men gler seg alltid til å kome til Røneset når ho har fri. Det beste med staden er å kome så nært på naturen og roa det gir henne.

– Min favorittplass er på setra, sjølv om eg trivast godt på garden også, seier 35-åringen.

LES OGSÅ:

Lagar fiskekaker

Ho likar også veldig godt å fiske. I denne episoden lagar Severin og Jelena Aurora fiskekaker saman for aller første gang.

– Det kjem vi til å gjere fleire gangar, men har funne ut at vi treng litt meir avansert kjøkkenutstyr for å produsere meir fiskemat når vi først held på, seier Jelena Aurora.

Draumen hennar på sikt er å kunne bu fast på Røneset.

Mot lysare tider.
Endeleg er sola attende på Røneset, etter nesten fem månader. Fisken bit, og kjæresten i Ålesund er på besøk. (3:6)