Peder og Severin Rønes

Farfar Peder og Severin har hatt mange trivelege stunder i kjøkkenet på Røneset. Bestefar har vore god støttespelar for at Severin har klart å skape sitt gode liv på småbruket.

Foto: Marianne Rønes

– Farfar er mentoren min

Farfar Peder er viktig medspelar for at Severin kan leve sitt spesielle liv på Røneset. Bestefaren auser kunnskap og erfaring om livet ved fjorden vidare til barnebarnet.

Likskapen mellom farfar på 89 og Severin på 32 er slåande. Same gjestfrie veremåten, same lette humøret og same faktene.

I november har Peder gjort seg ferdig med årets turar til Røneset, og vi møter han ved kjøkkenbordet heime på Aure i Sykkylven.

– Jau då, vi er visst litt like, han Severin og eg. Dei seie no så, smiler Peder, og blar i lokalavisa som ligg på bordet.

Peder leitar seg fram i avisa og ser at dei har fått med at det i kveld er premiere på ein ny sesong om livet til Severin. Den landskjente og populære Severin, har fleire gongar i dei 12 episodane vi alt har sett, gitt honnør til bestefaren for all praktisk hjelp og gode råd han har kome med.

– Bestefar er mentoren min. Han er kanskje den viktigaste personen for at eg kan leve som eg gjer, har Severin sagt.

Tonane og orda til Odd Nordstoga om at « ein farfar i livet skull alle ha», flettar seg inn i tankane til den som møter farfaren til Severin. Songen svevar usynleg i kjøkkenet saman med luka av nytrekt kaffi.

Peder Rønes

Peder Rønes går i sitt 90. år, og sjekkar at lokalavisa har fått med rett tidspunkt for kveldens sending med barnebarnet Severin på Røneset.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Passar Severin bra

Peder synest det er stas at småbruket til Rønes-familien og Severin har blitt kjent for heile Noreg siste året. Bestefaren likar konseptet med sakte-tv, men synest media har hausa opp det heile "ein grand", som han seier.

– Men når Severin vil vere med på det, og når det går så greitt, er det sjølvsagt heilt all right for meg! Det er no kjekt at alle får sjå korleis det går føre seg på ein stad som dette, seier han.

Farfar meiner det enkle livet på Røneset passar Severin bra. Jakt og fiske, matlaging på tradisjonelt vis, springing etter sauer i fjellsidene, båtliv på fjorden og det enkle livet i det gamle tømmerhuset, er slikt som passar godt for sonesonen.

Severin Lade Rønes

Fotoet av Severin med hunden Bonzo har fast plass i reolen til bestefar Peder.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Eg er no litt stolt av han, eg må vedgå det. Og så skikkar han no seg bra, også, smiler 89-åringen.

Farfaren gler seg også over at kjærasten Jelena er komen inn i livet til Severin. Ho bur for det meste i Ålesund, men er sjølvsagt innom Røneset så ofte ho kan.

– Jelena er ei dyktig og kjekk dame, slår han fast.

«Ein farfar i kjeldress..»

Peder er fødd og oppvaksen på Røneset, og budde der til han var godt over 40. No har far til Severin, Odd Arne, tatt over småbruket og har alltid passa på å halde det godt i stand.

Men ingen kjenner skog og mark, fjord og fjell rundt Røneset betre enn eldste generasjon.

– Severin er ikkje den som kvir seg for å spørje, og eg set pris på å at han vil høyre om korleis det var på Røneset før. Han er ivrig til å skaffe seg lærdom, fortel Peder.

Og det er mangt ein treng å vite den som skal leve slik Severin gjer. Når ein bur så einsleg til, så veglaust og så avhengig av vêr og vind, fiske i sjøen, matauk i skog og mark, som Severin, er det godt å ha ein som veit det meste.

Peder Rønes

Kjeldressen er lagt bort for i år. Farfar Peder har slitt ut mangt ein kjeldress gjennom eit langt liv.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ein som har gått i kjeldress mest kvar einaste dag i sitt vaksne liv. Ein som har hatt både småspikar, blysøkke og taustumpar i lomma.

– Vi har snakka om grenser og bytesteinar i inn- og utmark, om kvar vassrøyra ligg, om hus og fjøs, naust, jakt og fiske. Vi har snakka om reiskap og ulike teknikkar for gamalt handverk og mangt anna. Eg har prøvd å overlate til han det eg veit, så godt eg kan, seier farfar.

Peder har aldri vore redd for å bli skitten verken på hendene eller på kjeldressen. Skikkelege arbeidsnevar og eit godt grep når han helsar på folk, har han enno.

Gjestfrie folk

Sjølv er Peder tilbake på Røneset så ofte han kan, og aller helst sommarstida.

– Då går eg rundt og ruslar og ser på gamle ting i tunet, og minnast farne tider. Det er triveleg å vere der, og sjå at både Odd Arne og Severin held ved like dei gamle husa. Dei har lagt nye tak og hatt omsut for alt, slår han fast.

På Røneset har dei vore gjestfrie til alle tider. Peder minnest at besteforeldra fortalde frå 1800-talet om at det var vanleg at folk som budde lenger inne i Storfjorden, overnatta der.

Gammalt bilde av Røneset

Det eldste fotografiet av Røneset ein veit om. Frå venstre den gamle smia, stabburet, løda, våningshuset og naustet. Det er teke sommarstida med hesjar av to på plass i tunet.

Foto: Privat

– Når fjordfolk frå Geiranger, Hellesylt og andre stader inne i Storfjorden skulle til Ålesund, var det mange tunge timar å ro eller segle for dei. Kom dei i tillegg ut for dårleg vêr, tydde dei alltid til Røneset. Her overnatta dei gjerne både ein og to netter før dei kom seg vidare.

Livet på den karrige garden ved fjorden, var eit liv med mykje slit og kav i tidlegare tider. Kvardagsslitet var det same for generasjon etter generasjon.

«Ein bestefar å vende seg til..»

Peder tok over garden etter foreldra, og saman med si kjære Margot dreiv han småbruket med geiter og kyr og fiske i sjøen. Litt jakt blei det også etter kvart. I lag med dei tre borna Mari- Anne, Karin Anita og Odd Arne budde dei på Røneset fram til 1967. Då bestemte dei seg for å flytte til sentrum av Sykkylven fordi den vesle grendeskulen på Furstranda blei lagt ned.

Peder jobba som blekkslagar resten av arbeidslivet. No har han vore enkemann i tre år. I tillegg til Severin, har han fem å vere bestefar for. Han gler seg over at familien og slekta ofte er samla til hyggeleg lag på Røneset.

Severin Lade Rønes

I kveld er Severin igjen klar for å ønskje heile Noreg velkome heim til seg på Røneset.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

– Odd Arne har teke over staden etter meg, så tar Severin kanskje over etter kvart. Det får tida vise. Eg er glad eg slepp å sjå at husa, fjøsen, naustet og alt det andre forfell. Det hadde vore vemodig viss alt skulle stått til nedfalls, seier Peder Rønes.

Han veit med seg sjølv at han har gjort sitt til at Severin kan leve ut draumane sine.

I kveld benkar han seg framfor TV-skjermen og skal følgje med på gjeremåla til barnebarnet Severin på fjordgarden.

Heldige er den som har ein farfar i livet.

Sjå første episode i den nye serien om Severin på NRK 1 og nett torsdag klokka 19:45

Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost