Fredag kveld var det klart for den årlege prisutdelinga, Gullruten, for den norske tv-bransjen. I salen i Grieghallen i Bergen, sat Severin Rønes, som har blitt kjent gjennom NRK-serien Severin.
I mars 2015 gjekk den aller første episoden om Severin på lufta på NRK. Ideen bak var å fylgje einebuaren sin kvardag, både når han gjer noko og ikkje. Serien er produsert av Elin Helgheim i NRK Hordaland i samarbeid med NRK Møre og Romsdal.
LES OGSÅ:
Hadde trua
Severin hadde fått på seg finstasen, og sat saman med kjærasten Jelena Aurora.
– Måtte den beste vinne, sa Severin, før utdelinga starta. Det var NRK-serien Villmarkens voktere som stakk av med prisen, men Severin surmula ikkje av den grunn.
– Det har vore ei stor oppleving. Det er ein stor kontrast å vere her, i forhold til kva eg er vand med, seier Severin.
Han var berre 22 år då han bestemte seg for å flytte til den veglause garden, som besteforeldra hans forlèt i 1967. Han ville finne roa og leve tettare på naturen.
Sakte-fjernsyn
Programmet var nominert til Gullruten for beste dokusåpe. Severinserien er sakte-fjernsyn og inspirert av Minutt for minutt-produksjonane til NRK. Det er Severin, Røneset og Storfjorden som er i hovudrolla.
Prosjektleiar Elin Helgheim tar det som ein siger i seg sjølv berre det at serien vart nominert. Det gjer også Severin.
– Det var heilt konge å bli nominert. Eg kan overhode ikkje seie at eg er skuffa i kveld. Det meiner eg, seier Severin.
LES OGSÅ: