NRK Meny
Normal

Severin fekk kanadisk besøk

Ekteparet Lizet og Ole Thorvald Vik, busette i Canada, ville besøke Røneset og Severin som dei hadde sett på nett-tv. Det blei ei oppleving dei seint vil gløyme.

Lizet og Ole Thorvald Vik

Lizet (72) og Ole Thorvald Vik (75) ser humoristisk på den strabasiøse, men opplevingsrike turen dei hadde til Røneset.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Dei to hadde funne Røneset på kartet og trudde det skulle vere greitt å gå det som på kartet såg ut som ein sti langs sjøen frå Søvika. Men det skulle bli ein svært strabasiøs tur for Lizet (72) og Ole Thorvald (75).

Oppslukte av Severin-serien

–Eg las om Severin i Sykkylvsbladet, som eg får i Canada, og blei fasinert av korleis han lever på Røneset. Både eg og Lizet blei heilt oppslukte av naturen, roa og livet på Røneset, fortel Ole Thorvald.

–Det var fantastisk for meg, seier Lizet som ikkje kunne få nok av serien som dei følgde på nett-tv.

Bratt, mosegrodd, vått og glatt

Bratt sti til Røneset

Bratt: Severin hadde heldigvis hengt opp tau slik at det var mogleg å kome seg vidare mot Røneset. Sjå fleire bilete nedst i artikkelen.

Foto: Ole Thorvald Vik

Den 3–4 kilometer lange spaserturen dei såg for seg frå Søvika langs sjøen til Røneset, blei langt meir utfordrande enn dei to hadde tenkt. Første delen, ut til Vindsneset, gjekk greitt, men så blei det vanskeleg. Til slutt blei det svært bratt, gjengrodd og vanskeleg å finne stien.

–Etter å ha gått forbi nokre bratte hamrar hadde eg mest lyst til å snu, seier Lizet, men dei fortsette likevel.

Etter det blei det endå verre. No kunne dei ikkje snu lenger. Dei håpte at det var mogleg å få Severin til å skysse dei tilbake med båt.

Måtte overnatte i utestova

Overnatta i utestova på Røneset

Lizet og Ole Thorvald overnatta i utestova på Røneset. Til høgre ligg vedhaugen Ole Thorvald kløyvde for å halde varmen.

Foto: Ole Thorvald Vik

Etter fire timar var dei framme på Røneset slitne, våte og kalde, men ingen var heime!

I utestova til Severin var det heldigvis både sofa, ullteppe, ved og peis. Ole Thorvald fann ei øks og heldt varmen med å kløyve ved. Dei fann fyrstikker, fyrte opp og fekk tørka kleda sine.

Etter ei kald natt med lite søvn, kom morgonsola og varma litt. Frukosten var den siste brødskiva av nista og ein skvett iskald kaffi. Det var lite aktuelt å gå tilbake til Søvika no, så dei prøvde heller å vinke til båtar som kom forbi.

Føraren av ein båt som passerte kjenner Severin og tipsa han om at det stod folk på tunet hans og veiva med armane.

Severin «berga» kanadiarane

Lizet Vik frå Canada får i seg varmen hos Severin på Røneset.

Kanadiske Lizet Vik fekk varme seg på kaffi og vedomn hos Severin på Røneset.

Foto: Ole Thorvald Vik

Då Severin kom heim fann han dei to overnattingsgjestane forfrosne, svoltne og slitne. Han fyrte opp omnen i stova, laga varm kaffi og fekk tint dei to langvegsfarande opp og gitt dei mat. Severin sette pris på det uventa besøket.

–Alle desse åra har gitt meg veldig mykje, og det er alltid noko nytt som dukkar opp, seier Severin Rønes, som plutseleg hadde fått livshistoria til totalt ukjende folk frå Canada.

Severin skyssar kanadiarane heim

Severin skyssa kanadiarane tilbake til Søvika.

Foto: Ole Thorvald Vik

Ny «Severin»-sesong snart

Lizet og Ole Thorvald Vik fekk ei stor oppleving dei seint vil gløyme, og i løpet av eit par månader startar truleg ein ny sesong om Severin på Røneset.

–Det gler vi oss veldig til, seier ekteparet frå Canada.

Gå til forsiden

Kanadisk overnattingsbesøk på Røneset

Lizet Vik overnatta i utestova på Røneset.

Kanadisk overnattingsbesøk på Røneset

16 bilder