Hopp til innhold

Severin er nominert til Gullruten

Serien om Severin som bur på ein veglaus gard er nominert til Gullruten for beste dokusåpe.

Severin Rønes

Severin bestemte seg for å leve nærare naturen i 2005. Han har budd på den veglause garden Røneset sidan då.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Som 22-åring bestemte Severin Rønes for å flytte til den veglause garden Røneset i Sykkylven, som besteforeldra forlèt i 1967. Der ville han finne roa og leve tett på naturen.

I mars 2015 gjekk den aller første episoden om Severin på lufta på NRK. Ideen bak var å fylgje einebuaren sin kvardag, både når han gjer noko og ikkje. Serien er produsert av Elin Helgheim i NRK Hordaland i samarbeid med NRK Møre og Romsdal.

Elin Helgheim

Elin Helgheim er prosjektleiar for serien Severin.

Foto: NRK

Programmet har blitt ein suksess og publikum elskar å sjå Severin når han fiskar, går på hjortejakt, ryddar skog eller berre sit og drikk kaffi. I dag vart serien nominert til Gullruten.

– Det å bli nominert til Gullruten er ein siger i seg sjølv. Då veit eg at vi er plukka ut av veldig mange andre seriar. Eg vel å ta dette som ein siger så langt, seier Helgheim.

LES MEIR:

Sakte-tv

Hans Olav Landsverk og Severin Rønes

Fotograf Hans-Olav Landsverk frå NRK Møre og Romsdal filmar små og store gjeremål på Røneset.

Foto: Jelena Aurora Mensah

Severinserien er sakte-fjernsyn og inspirert av Minutt for minutt-produksjonane til NRK. Det er Severin, Røneset og Storfjorden som er i hovudrolla.

Elin Helgheim trur mange likar det rolege tempoet i serien og har høyrt fleire sjåarar seie at kvilepulsen går ned når dei ser på Severin.

– Severin sjølv er ein kar som deler kjenslene sine og er til stades i det han gjer. Det er ikkje berre ei oppleving, men ei innleving å sjå serien, seier Helgheim.

Annleis dokusåpe

Det kan verke som det skjer lite i kvar episode, men det er Helgheim usamd i.

Severin og Jelena på Rønesfjelles på 17. ma

Jelena Aurora Mensah, kjærasten til Severin, er på Røneset så ofte ho kan. Her feirar dei 17. mai på Rønesfjellet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det skjer meir enn ein skulle tru ved første augekast. Ein ser etter kvart at her er det jo noko på gang, seier regissøren. Og litt har jo skjedd sidan dei første opptaka på garden. Severin har fått seg kjæraste og Jelena Aurora Mensah er ofte å sjå på skjermen. Ho bur i Ålesund, men drøymer om å flytte til Røneset permanent på sikt.

Fredag er hovudrolleinnehavaren sjølv i Oslo for å delta på Gullrutens pressekonferanse. Han er glad for å bli nominert.

– Det er veldig kjekt, seier Severin Rønes.

Campingtur i eigen fjord.
Heile sommarhalvåret passerer cruiseskip Røneset på veg til og frå dei tronge fjordarmane av Storfjorden. Ikkje minst er turistane opptekne av dei fråflytte fjell-og fjordgardane, og det same gjeld Severin. Likevel er det mange stader han enno ikkje har vore, men no skal han og Jelena på campingtur i eigen fjord. Sesong 3 (3:6)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL