Hopp til innhold

Bygda fortvilar over mysteriet Maja – forsvann sporlaust for 16 dagar sidan

Innbyggjarane har gjort alt dei har makta, men det er ikkje sikkert julefreden senkar seg over Ørsta i år.

Maya og Saudehornet

SNØEN ER KOMEN: Maja Herner kan vere i området ved Saudehornet (til høgre). No er snøen komen til Ørsta, og det vil vere vanskeleg å starte nye søk høgt i fjellet. Men ein kan heller ikkje sjå heilt vekk frå at det har skjedd noko kriminelt med Maja. Den usikre situasjonen pregar Ørsta.

Foto: Åge André Breivik og politiet

– Ørsta er vande med mange kriser. Det gjeld både snø og ras, og det er ikkje noko nytt at det skjer ulykker i fjellet. Men denne historia er heilt unik. Og saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar.

Stein Aam

Ørsta-ordførar Stein Aam.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Orda kjem frå Stein Aam (Sp). Han leiar den nest største kommunen på Sunnmøre. Ørsta er i vekst. Det blir bygd kunstgrasbaner og idrettshallar i høgt tempo. Like etter NRK sitt møte med Aam skal han opne det nye servicekontoret i kommunen.

Men ei heilt spesiell sak overskygger alt anna i Ørsta no.

Trur Maja er død

Onsdag 21. november forsvann 25 år gamle Maja Herner, som skal ha gått på tur i retning det 1303 meter høge Saudehornet. Den polske kvinna hadde berre budd i Norge i litt over ei veke før denne turen.

Ein storstilt leiteaksjon vart sett i sving. Søndag 25. november endra søket status: Politiet reknar med at Maja Herner er omkoma.

Maja Herner skal ha gått frå ein parkeringsplass i Vikegeila og i retning Saudehornet, eit fjell på 1303 meter.

Spora er derimot få.

Den siste sikre observasjonen av Maja vart gjort klokka 12.35 på ein daglegvarebutikk i Ørsta sentrum. Etter klokka 13.00 sende ho melding til fleire kjenningar om at ho skulle ta seg ein tur «to the mountains». Ut frå kvar ho parkerte er det sannsynleg at ho gjekk i retning Saudehornet.

Den eine mobiltelefonen hennar låg igjen i bilen. Den andre har ikkje kome til rette. Politiet har sagt at det er grunn til å tru at telefonen er eller har vore høgt oppe i fjellet.

– Men dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Dronepilot fra Herøy kommune i oppdrag for politiet i letingen etter Maja Herner

Søk med drone i områda ved Saudehornet.

Foto: Møre og Romsdal politidistrikt

Rykteflaum

Men ingen kan vite sikkert at Maja er oppe i fjellet no. Det er tatt nærare 3000 dronefoto, personar har søkt i fjellet med ei lengd som svarar til ein fjerdedel av jordkloden – og sjølv synske har sett på saka.

Likevel: Maja er ikkje å finne. Det har ført til ein stor rykteflaum, med ei rekkje spekulasjonar om ulike kriminelle handlingar den 25 år gamle kvinna kan ha blitt utsett for.

Mot Saudehornet

Maja Herner skal ha gått i retning Saudehornet. No har det kome så mykje snø at det vil vere svært vanskeleg å kome seg dit.

Foto: Kristina Dvergsdal

– Spørsmålet mange her stiller no er kva som kan ha skjedd når heile fjellområdet er søkt gjennom, seier Stein Aam.

Han kjenner personleg området fjellområdet godt. Etter den mest populære turvegen som går gjennom ein skog er landskapet heilt ope. Både fjellet og skogen er søkt gjennom fram og tilbake.

Bygda har stilt opp

– Det er umogleg å ikkje bli påverka av denne saka. Det er mange som går og lurer på kva som har skjedd. Og eg forstår det godt, seier Kristine Olsen, operativ leiar i hjelpekorpset i Røde Kors Ørsta.

Kristine Olsen, røde kors

Kristine Olsen i Røde Kors.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Ho skryt veldig av det frivillige arbeidet som er gjort. Hjelpekorps frå store delar av Vestlandet har bidrege i søka.

Private og næringslivet har samla inn over 200.000 kroner. Søkemannskapet har fått mat døgnet rundt frå andre frivillige.

– Røde Kors i Ørsta har vore med på mange søk opp gjennom åra. Men det har aldri tidlegare skjedd at vi ikkje har funne personen vi har søkt etter. La oss håpe ikkje dette er første gongen, seier Olsen.

Saudehornet m.m.

På fylkeskommunen si nettside ser vi at dette er den anbefalte råsa til Saudehornet.

Foto: Skjermdump

– Ubehagelege leiting

Mange hundre personar har vore involverte i søka. Det gjaldt også fleire studentar ved folkehøgskulen i bygda.

– Vi har mellom anna leita i hagar, bustadfelt og i skogkratt, seier Sina Espedal Bjørkedal.

– Det er veldig spesielt. Vi veit ikkje kva vi kjem til. Kva som helst kan kome. Det er ubehageleg, supplerer William Rodt.

Silje Svee seier det er vanskeleg å slutte å tenke på kva som har skjedd.

– Når det har gått så mange dagar så tenkjer ein jo sitt, seier Svee.

Silje Svee., Sina Espedal Bjørkedal, William Rodt

Silje Svee, Sina Espedal Bjørkedal og William Rodt er studentar ved folkehøgskulen i Ørsta og har vore med på leiteaksjonen.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Unngår å gå tur

Det same gjer turgåarar som NRK snakkar med i området der Maja Herner sist vart sett, på ein parkeringsplass ved vegen som går gjennom ein skog og til slutt heilt opp til Saudehornet.

Nokre tek sjansen på å gå der, andre held seg heime.

Ordførar Stein Aam forstår dei godt.

– Folk er ikkje så lystne på å gå der. Det er eit veldig populært turområde, mellom anna med gapahuk og lysløype, seier Aam.

Området der Maya forsvann

Maja Herner parkerte på parkeringsplassen ved dette bygget då ho skulle gå tur.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Fryktar vinter utan svar

Men no er vinteren komen. Og «ingen» trur det er mogleg å finne Maja i fjellet – dersom ho er der.

– Vi har kome eit stykke ut i desember no. Saudehornet og fjellområda rundt ligg såpass høgt oppe, så no trur eg nok snøen kjem til å ligge her til våren. Dermed har eg vanskeleg for å tru at det er mogleg å finne nokon der oppe, seier Aam.

Og då blir det ein verst mogleg vinter for Ørsta-samfunnet.

– Eg håper på svar, men eg fryktar ein vinter utan svar, seier ordføraren.

Opnar for andre løysingar

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ifølgje politiadvokat Inger Myklebust Ferstad blir det framleis jobba breitt med Maja-saka. Politiet trur framleis at den 25 år gamle kvinna er i fjellet. Likevel må dei opne for at det kan vere andre løysingar på saka.

– Så lenge ho ikkje er funnen kan vi heller ikkje sjå vekk frå at det har skjedd noko straffbart, men vi har ingen haldepunkt for det, seier Ferstad.

Ho understrekar at det er eit krevjande fjellparti å leite i, sjølv om det er gjort omfattande søk.

– Det er viktig å finne Maja, først og fremst som eit svar til dei pårørande, men også for folket i Ørsta og samfunnet generelt. Eg håper vi kan få sett ein sluttstrek etter ei vanskeleg tid, seier Ferstad.

Områder der Maya forsvann

Turvegen Maja Herner skal ha starta å gå frå.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK