Hopp til innhold
Leiteaksjon etter sakna kvinne i Ørsta
Foto: Roar Strøm / NRK

Maja Herner sakna i Ørsta

Oppsummert

25 år gamle Maja Herner frå Polen blei meldt sakna etter ein fjelltur i Ørsta på Sunnmøre 21. november 2018. 5. juni blei leivningar funnet i eit fjellområde ved Nivane i Ørsta.

  • Fann Herners mobil

    Politiet har gjort nye funn etter Maja Herner. Både mobilen, klokka og fleire leivningar vart funne under fjellpartiet Storeniven i Ørsta. Etter måndagens funn avsluttar politiet no saka. Herner forsvann frå ein fjelltur i 2018. I juni i år vart det funne fleire leivningar etter den avdøde kvinna på 750-800 meters høgde. Politiet har konkludert med at dødsårsaka er fall frå stor høgde.

  • Søk vert avslutta etter nytt funn

    Etter positive søk måndag er no alt vesentleg av leivningar funne etter Maja Herner som vart sakna i fjella ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre i 2018, melder politiet i ei pressemelding. Dei positive funna måndag medfører at søka no vert avslutta.

  • Stadfestar at Maja er funnen

    Politiet stadfestar at dei no har funne Maja Justyna Herner (25) frå Polen, som forsvann 21. november 2018 oppe i fjellterrenget ovanfor Ørsta sentrum. DNA-analysen viste sikker identitet. Pårørande og den polske ambassaden er orienter. – Det er Maja Justyna Herner som er funne. Det er rimeleg å anta at dødsårsaka er knusningsskadar etter fall frå stor høgde. Likevel kan politiet ikkje konkludere med sikkerheit kva som var dødsårsaka enno, all den tid at ikkje alle leivningane er funne, seier Yngve Skovly i politiet. Politiet opplyser at i og med at ikkje alle leivningar er funne vil dei halde fram med søk oppe under fjellpartiet Nivane.

    Maja Herner og Saudehornet
    Foto: Einar Orten Trovåg (NRK) og privat
  • Nytt funn i Ørsta

    Politiet meiner dei har gjort eit gjennombrot i leitinga etter den sakna Maja Herner frå Polen. Seint torsdag kveld blei det gjort eit nytt funn i eit fjellparti ovanfor Ørsta sentrum, og det samsvarar med funnet av ein sko tidlegare i månaden. Før endeleg identifikasjon må funnet til DNA-analyse. Maja Herner forsvann i november 2018 og har vore sakna sidan.

  • Nytt funn i fjellet i Ørsta

    Et nytt funn har blitt gjort i fjellpartiet der Maja Herner var savnet, ifølge politiet. De skriver i en pressemelding at det er grunnlag til å kunne si at de har gjennombrudd i letingen. Politiet fikk beskjed om funnet torsdag kveld.