Hopp til innhold

– Fylkesmannen er ein ihuga emmisær

Senterparti-ordførarar i Møre og Romsdal er svært kritiske til den rolla fylkesmannen i Møre og Romsdal har hatt i gjennomføringa av kommunereforma.

Stein Aam

Senterparti-ordførarar i Møre og Romsdal er svært kritiske til den rolla fylkesmannen i Møre og Romsdal har hatt i gjennomføringa av kommunereforma. Her ved Stein Aam.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar Stein Aam i Ørsta meiner fylkesmannen har gått lengre enn han bør.

– Eg opplever han som ein ihuga emmisær for synet sitt og Jan Tore Sanner. Det løpet han køyrer er nesten på kanten, seier Aam som synest situasjonen er provoserande.

– Har spelt ei politisk rolle

Aam får støtte av ordførar i Fræna, Tove Henøen. Ho synest at fylkesmannen har blanda seg for mykje i det kommunane gjer.

Tove Henøen

Ordførar i Fræna, Tove Henøen, meiner fylkesmannen har spelt ei politisk rolle.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har fått beskjed om at vi skal greie ut forskjellige alternativ, og vi har gjort akkurat som fylkesmannen har sagt. Likevel er det ikkje godt nok fordi svaret ikkje er riktig, seier Henøen.

Ho meiner at fylkesmannen har spelt ei for politisk rolle i prosessen rundt kommunereforma.

– Fylkesmannen skal berre passe på at vi gjer jobben vår, ikkje kva vurderingar vi tek og kva resultat vi kjem fram til. Eg synest han har vore alt for pågåande og lagt seg for mykje borti prosessen, seier Henøen.

Tek kritikken med ro

Fylkesmann Lodve Solholm tek kritikken med stor ro og meiner han har handla ut frå det mandatet som regjeringa har gitt han.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm tek kritikken med stor ro.

Foto: Trond Vestre

– Det er ein del ordførarar som gjekk til val på inga kommunesamanslåing og som til ei viss grad har motarbeidd bestillinga frå Stortinget og regjeringa, og det får eg ta. Eg har berre gjort jobben min, seier han.

Solholm fortel vidare at han er regjeringas mann i sitt fylke og har fått ei bestilling frå Stortinget om å vere pådrivar for at prosessane rundt denne reforma kjem i gang.

– Dersom nokon meiner at eg har gjort for mykje, så få det berre vere. Vi har berre følgt opp den bestillinga vi har fått, seier han.

– Eg har gjort jobben min

Solholm meiner at det i utgangspunktet er uproblematisk at han som fylkesmann spelar ei politisk rolle.

– Eg skal vere regjeringa sin lojale medarbeidar. Når det då vert gjort eit politisk vedtak i Stortinget som regjeringa sett i verk så blir jo jobben til fylkesmannen til ei viss grad politisk, seier han.

– Så du lever godt med å bli omtala som ein ihuga emmisær for Jan Tore Sanner?

– Ja, når eg veit kor kommentarane kjem frå så skal eg det. Eg kan heller ta det som ei ære, fordi det betyr at eg har gjort jobben min, seier Solholm.