Hopp til innhold

Om Mannen: – Går mot oransje nivå

Det er framleis gult farenivå ved fjellet Mannen, men seksjonssjef for fjellskredovervaking i NVE seier det ikkje er langt unna før dei må heve nivået.

Fjellet Mannen i Rauma
Foto: Lena Høyberg / NRK

Lars Harald Blikra

OVERVAKAR: Lars Harald Blikra i NVE føl nøye med på kva som skjer med Mannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Me ser litt på trenden det har vore dei siste dagane, og det har vore ei jamn og trutt auke frå me varsla gult farenivå. Det er ikkje stor akselerasjon, seier seksjonssjef for fjellskredovervaking Lars Harald Blikra i NVE.

Tysdag melde Norges vassdrags- og energidirektorat at farenivået ved mannen auka frå grønt til gult. NVE vurderer farenivået kontinuerleg, og berre det siste døgeret har deler av fjellpartiet Mannen bevega seg 7,4 millimeter.

– Det er ikkje langt unna oransje nivå, men om det blir auke i nivået er avhengig av kva som skjer i dei nedre partia, seier han.

Berre deler av partiet

Høge temperaturar har auka snøsmeltinga i Rauma kommune, og det gjer også at Mannen får fart på seg, millimeter for millimeter.

Sjølv om 7,4 millimeter er meir enn dei 5,1 millimetrane deler av Mannen bevega seg dagen før, så er ikkje det like kraftig som i fjor då Mannen bevega seg opp mot åtte centimeter i døgeret, og dei måtte evakuere innbyggjarane.

– Samanlikna med i vinter då det var bevegelsar på 0,1 millimeter i døgeret, så er 7,4 ein stor auke. Men, viss det berre bevegar seg oppe, så er det ikkje så kritisk som viss det bevegar seg på både opp og nede, seier Blikra.

Han forklarer at dei nedre målepunkta dei har reflekterer bevegelsane djupare i fjella enn dei punkta på toppen der bevegelsane er størst.

– Det er ikkje dramatisk enno, for snøsmeltinga er ganske lik. Men, me er ikkje langt unna oransje, seier han.

  • SJÅ OVERSIKTSVIDEO:
    Sjå dei spektakulære helikopterbileta frå Mannen.

    SJÅ VIDEO: Mannen frå lufta.

Skal halde informasjonsmøte

Denne helga har Rauma kommune kalla inn til eit informasjonsmøte for innbyggjarane i området ved Mannen, og Lars Harald Blikra vil informere om situasjonen.

– Det er eit møte som har vore planlagt ganske lenge, for å gi informasjon til dei som bur i området, så det er tilfeldig at det kjem no, seier han.

Kva som skal til for at det blir oransje farenivå no då?

– Det er ikkje så veldig mange millimeter som skal til før me må over på oransje farenivå, men det er ikkje berre talet me ser på. Me ser både på bevegelsen oppe og nede, og trenden på kor mykje det akselererer, seier Blikra.

  • SJÅ DIREKTE FRÅ MANNEN:
    Mannen

    DIREKTE: Stream frå Mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL