Den siste veka har fjellmassivet på toppen av Mannen flytta seg 10 millimeter. Dette skjer samstundes som meteorologane varslar meir sol og varme. Det kan bety at minst 15 personar må evakuerast på kort varsel.
Ein av dei kan bli Casper Dahle Molaup (8), som no er på sommarferie hos besteforeldra.
– Eg trur det går grådig fint, men eg trur kanskje han kan falle ned ein gong, seier gutungen.
- SJÅ TV-SAKA:
Håper det skjer snart
Og at fjellpartiet fell ned før eller seinare, er ekspertane samde om. Spørsmålet er berre når det skjer. Nyheita om at deler av Mannen truleg kom til å rase ut, skapte unntakstilstand i Rauma i fjor haust. Innbyggjarar blei evakuerte, toget stoppa og mediefolk frå inn- og utland kom for å følgje med. No kan 15 innbyggjarar og 500 sauer på nytt bli evakuerte.
– Det blir litt spennande, ja, vi håper berre det kjem, så vi blir ferdige med det. Det er ekkelt å gå og vente og ikkje vite kva som skjer, seier Asbjørn Molaup, som brukar heimgarden som fritidsbustad.
Har gjort bilen klar
Også sist gong blei det ei lang ventetid. Ekspertane gjekk så langt å tidfeste raset nesten på timen, og bomma. Heller ikkje no er det ingen som veit når fjellpartiet rasar ut. Men dei som bur i området, er føre var.
– Vi brukar alltid å snu bilen med fronten ut, og har nøklane tilgjengeleg, samstundes som vi har med mobilen på soverommet, seier Ann Gørill Molaup.
Kallar inn til informasjonsmøte
Rauma kommune har no kalla innbyggjarane i området inn til informasjonsmøte søndag 5. juli. Der får dei truleg vite meir om rasfaren den næraste tida. Åtte år gamle Casper Dahle Molaup tek situasjonen med ro.
– Dei har sagt at han ikkje skal falle ned her.
– Og det stolar du på?
– Ja, eg stolar på at dei seier sanninga her, seier han.