Dei fire verfta i Aker Yards her i fylket arbeider på spreng for å få unna dei nybygga som er tinga.
Aker Yards har i dag totalt ei ordrereserve på 112 farty. Nesten halvparten skal byggjast av offshore-verfta, blant andre dei fire verfta i Vestnes, Aukra og Haram. Administrerende direktør i Aker Yards AS, Roy Reite, er svært optimistisk på de lokale verfta sine vegner.
4 Aker-verft i Møre og Romsdal
Aker Yards ASA hadde eit driftsresultat på nesten 4,9 milliardar kroner i fjerde kvartal i fjor, vel 1 milliard betre enn på same tid i 2004.
Dei fire Aker-verfta her i fylket er Aker Aukra, Aker Langsten i Tomrefjord, Brattvaag Skipsverft og Søviknes Verft. Tala for dei lokale verfta er enno ikkje klare, men Reite seier at arbeidet går for fullt overalt.
Aker Yards-konsernet byggjer båtar innan offshore og cruisetrafikk, i tillegg til spesialbåtar som isbrytarar. Nesten halvparten av dei 112 nybygga skal til offshoreverksemda, og det er nettopp her dei fire verfta i Vestnes, Aukra og Haram har sin styrke. Dei ventar at arbeidsmengda skal stige også i år, seier Roy Reite.
Aker Yards er det største skipsbyggingskonsernet i Europa og det femte største i verda, målt i omsetning. Det har 14 verft i Noreg, Finland, Tyskland, Romania, Frankrike og Brasil.